PÅ LAG: Gjennom ulike fleirtal og skiftande regjeringar har norske klimagassutslepp berre gått éin veg: opp. No vil dei fem grøne partia på Stortinget ruste seg betre til kamp mot storpartia.
SV og Senterpartiet har åtte år bak seg i den raudgrøne regjeringa. Venstre og KrF har skrive under på ein samarbeidsavtale med dei blåblå om regjeringsmakt. Og Miljøpartiet Dei Grøne insisterer på å vere blokkuavhengige.