Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kristeleg Folkeparti blir dytta bort av Høgre og dratt inn mot Ap.

Verdidebatt no

To viktige verdikonfliktar har prega norsk politikk dei siste vekene. Den eine vart utløyst av terroren i Paris, og har handla om ytringsfridom. Ap-leiar Jonas Gahr Støre har skapt raseri blant dei som talar høgast og tvitrar mest, fordi han nektar å vedgå at blasfemi er det mest høgverdige uttrykket for ytringsfridommen.