SIVILE TAP: Situasjonen i Aust-Ukraina har forverra seg dei siste dagane trass toppdiplomatars forsøk på å få til ein våpenkvile.
Tysdag vart 12 sivile drepne og 13 skadde då ein passesjerbuss vart angripen ved byen Volnovakha i Donetsk fylke. Ukrainske styresmakter legg skulda for åtaket på separatistane som har erklært Donetsk for ein uavhengig republikk.