Dobbelt skattlegging
Ordentlege feministar tel ikkje kaloriar når det er så mykje vondt i verda. Eller?

Far min har vekse opp på gard og har ganske greie skjønnheitsideal: Ein fin kropp, jente- som gutekropp, er framfor alt ein funksjonell og solid kropp. Ein kropp som er sterk, tåler ein støyt og kan brukast til mange ting. Da eg veks opp, sa iblant far min til meg: «Du har så breie skuldrer, du Beate», eller «du er så solid bygd». Eg er sikker på at han meinte det godt – at det var ein måte å uttrykke at han var stolt av dotter si som hadde gått langt på ski eller takla dei andre fotballjentene så det song. Men eg mislikte etter kvart at han sa det. For meg var det berre nok eit bevis på at eg var brei og diger og milevis unna ein perfekt kropp. Eg ville jo vere tynn, vever og vakker!
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent