Den internasjonale olympiske komité peika i går ut Oslo som offisiell kandidatby for vinterleikane i 2022, saman med Beijing i Kina og Almaty i Kasakhstan. Oslo kommune har allereie brukt 166 millionar kroner på kampen for å få leikane, ein stor sum som berre blir småtteri mot kva det vil koste å arrangere leikane. Oslo må få ein statsgaranti på 33,7 milliardar kroner for å bli vertsby for OL og i haust skal Stortinget ta stilling til denne søknaden. Høgre meiner at Oslo-søknaden er bygd på «norsk nøkternhet», i tillegg til at han sjølvsagt er «robust, gjennomførbar og uten vesentlige svakheter». For vår del meiner vi det er ei vesentleg svak side at ein ber om 33,7 milliardar kroner i garanti frå staten, noko som for eksempel utgjer tre gonger så mykje som løyvingane til kulturformål på statsbudsjettet.
Thomas Pikettys storverk kan legge grunnlaget for en mer radikal politikk.
Ali Esbati
Det hadde vært synd hvis diskusjonen omkring Thomas Pikettys bok stopper ved global skattlegging av kapital. Boka peker også ut nye emner som kan legge grunnlaget for en bedre politisk samtale.