Leder
Oslo-leikane
- Den internasjonale olympiske komité peika i går ut Oslo som offisiell kandidatby for vinterleikane i 2022, saman med Beijing i Kina og Almaty i Kasakhstan. Oslo kommune har allereie brukt 166 millionar kroner på kampen for å få leikane, ein stor sum som berre blir småtteri mot kva det vil koste å arrangere leikane. Oslo må få ein statsgaranti på 33,7 milliardar kroner for å bli vertsby for OL og i haust skal Stortinget ta stilling til denne søknaden. Høgre meiner at Oslo-søknaden er bygd på «norsk nøkternhet», i tillegg til at han sjølvsagt er «robust, gjennomførbar og uten vesentlige svakheter». For vår del meiner vi det er ei vesentleg svak side at ein ber om 33,7 milliardar kroner i garanti frå staten, noko som for eksempel utgjer tre gonger så mykje som løyvingane til kulturformål på statsbudsjettet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn