Det årlege medieoppstyret om bonusane og leiarlønningane i DNB og Statoil har vel samanheng med at staten sit med store delar av aksjane i desse selskapa, 34 prosent i DNB og 67 prosent i Statoil. I 2013 var lønna til toppsjefen i Statoil, Helge Lund, på 14,3 millionar kroner inklusive bonus. Det var 29 gongar meir enn gjennomsnittslønna i Norge. Lønna til toppsjefen i DNB, Rune Bjerke, var nær 7,7 millionar kroner inklusive bonus. Mange meiner at slike lønningar ikkje sømmer seg for dei statseigde selskapa som skulle vere forbilde for alle andre aktørar i økonomien.