Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Fokus

Kallar Kulturministeren

Kor er filmstatsråden når norsk film erobrar verda?

Over 300 filmbransjefolk og journalistar er denne veka i Berlin for å promotera, vurdera og følgja norsk film på verdas viktigaste filmfestival i vinterhalvåret. Dei einaste som er sakna er dei som styrer den norske filmpolitikken: kulturminister Thorhild Widvey eller den elles aktive statssekretæren hennar. Det kunne vore nyttig for den relativt nyslåtte og svært næringsorienterte kulturministeren å oppleva korleis både byråkratane, filmskaparane og agentane arbeider i felten ved Berlinalen. Ho kunne opplevd korleis den målretta styrkinga til føregjengarane hennar no ber frukter i form av både kunstnarisk og kommersiell suksess. Filmar som Eskil Vogts «Blind» og Hans Petter Molands «Kraftidioten» viser at pengane ikkje har vore bortkasta.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen