Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Motbakken

* Ei løyving på skarve 154.000 kroner til eit framifrå formål som sjølvforsvarskurs for jenter har vorte eit mareritt for SVs påtroppande leiar Audun Lysbakken, hans statssekretær Kirsti Bergstø og følgjeleg også for SV. Utviklinga av saka har vore som henta frå bokserien «Hvorfor alt går galt» av Gudmund Hernes. Det hardt prøvde SV, som med kroninga av Audun Lysbakken på landsmøtet om vel to veker kunne trenge eit jubelmøte for sin nye jubelgut, stadfestar sin posisjon som politikkens omvendte kong Midas. Alt dei tek i, blir til stein.