Livet tufta på enkle former

Folkekunsten, særleg tekstilkunsten som er halden i hevd av kvinner, har langt på veg vorte ignorert av forskarar. Status har vore reservert den akademiske kunsten. Dette mishøvet har professor Mikkel B. Tin gjort sitt for å retta opp. Tin er professor i folkekunst ved Institutt for folkekultur på Rauland i Telemark, og på forsommaren gav han ut boka «De første formene. Folkekunstens abstrakte formspråk» (Novus forlag) i skriftserien til Instituttet for sammenlignede kulturforskning. Prosjektet er unikt. Tin har bakgrunn frå filosofien, og han har nytta sitt fenomenologiske perspektiv på konkrete gjenstandar i samlinga til Norsk Folkemuseum og jamført desse med slavisk folkekunst. – Fenomenologien vil tilbake til det opphavlege. Det er ein filosofi som hevdar vi opplever verda gjennom ulike «filter». Eitt slikt filter er omgrepsapparatet. Fenomenologien sin metode er å fjerna silingsmekanismane. Om ein vender seg mot kunsten med eit slikt perspektiv, vil ein finna at alle uttrykk, jamvel minimalisme, er eit resultat av medvitne val i høve til ein kunstpolitisk diskurs. Desse styrande kunstdiskursane er i utgangspunktet ikkje visuelle, hevdar Tin: – Kunstuttrykket innordnar seg ideologi. I folkekunsten, derimot, kan ein unngå det sjølvmedvitne, her finst ingen refleksiv diskurs. For meg som fenomenolog, er dei elementære formene i folkekunsten difor svært interessante, fortel Mikkel B. Tin til Klassekampen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?