Det raudnar over Georgia i sør. Ikkje berre der, forresten, men resten av himmelen også, raudnar. Men litt seinare, når stjernene sleppes laus, glimtar det over Tsjetsjenia i aust. Så kjem torebraka, nye lyn, nye brak, det kunne vore bombar og krigen, men det er lyn, som lyser opp heile verda og vi ser det ovanifrå. 3700 meter over havet sør i Russland står vi og freistar sjå ned bak fjella, kva er det som skjer der borte, og vi kviskrar kvifor? Vi torer ikkje spørje høgt. Ein fortel at han nær vart slegen i hel på ein bar i St. Petersburg då han spurde kvifor ikkje menneskeretttane gjeld for tsjetjenarane. Og natta forsvinn over i morgon. Vi skal høgare. Vi pustar på ein vulkan, kjærteiknar dronninga i Kaukasus, føtene våre mot den mjølkekvite huda hennar. Toppen er to snøkvite bryst som knoppar seg mot himmelen. Elbrus er høgast i Europa, 5642 meter over havet. Rundt seg har ho heile hoffet sitt, spisse fjell frå det Kaspiske hav til Svartehavet. Dei ser alt, ho ser alt. Og vi har akklimatisert, tråkka gjennom prestekragar og forglemmegei på nesten 3000 meter, sommarfuglar har flaksa over isbreane, medan vi har øva oss på utgliding, bremsing med isøksa. Vi pustar djupe drag med tynn luft ned i lungene. Elbrus is not a joke, fekk vi høyre, tre har døydd hittil i år på dette fjellet, sju i fjor. Ikkje noko mot Tsjetjenia. Putin har greidd det. Fått den jamne russar til å hate dette folket og let som om krigen mot terror er det same som å slakte tsjetjenarar. Resten av Kaukasus skjelv i buksene, du bør ikkje vere frå desse regionane vil du ha jobb no, ikkje ha mørkare skjeggstubbar eller større skaut. Han som nær vart slegen i hel kviskrar: Rasisme. I ei russisk avis les vi at det har komme eit tog med tsjetjenarar, «Friendship Train», til Moskva. Dei speler teater og musikk, og skal vitje over 20 russiske regionar. Målet er «promoting the image of a gentler, friendler Chechnya» – og er sponsa av det offentlege. Vi har god tid til å tenkje at det er ei merkeleg verd, inni hetta, bak brillene, vi rører oss sakte oppover, med stegjern på. Og vi døyr ikkje, vi løfter hendene på toppen av Europa like etter soloppgang, sender smil, slurpar sjampanje. Svimlar. journalist