Under den franske folkeavstemninga var eg i den tyrkiskstyrte delen av Kurdistan: 150 deltakarar på ein brei konferanse diskuterte om det er muleg å få til ei fredeleg løysing for folka i Midtausten. Vi diskuterte dette mens den USA-lojale tyrkiske regjeringa intensiverer krigføringa mot dei som forsvarar kurdiske rettar. Ein av innleiarane, som i fleire tiår har stått nær den tyrkiske makteliten, argumenterte for at alle no må innrette seg ut frå at det er USA som kjem til å ha overherredøme i heile Midtausten i lang tid framover. Ein av dei kurdiske veteranane svara dagen etter med å opne innlegget sitt slik: «Då eg i går høyrde på Candar, trudde eg ei stund at eg var i Washington …»Då eg kom heim og las leiaren i Klassekampen 31. mai, trudde eg ei stund at eg las eit feilsend innlegg til ei intern oppsummering i EU-hovudkvarteret: «Det eneste naturlige resultatet av det franske nei er derfor en reforhandling av EU-traktaten. For vår del er vi også overbevist om at EU-prosjektets ambisjoner bør senkes betydelig. I stedet for dagens byråkratkapitalistiske mastodont, bør ambisjonen være å skape et løst, multikulturelt og multinasjonalt fellesskap der alle medlemsstatene får beholde sine økonomiske, kulturelle og nasjonale særtrekk, samtidig som man samarbeider om saker og områder som egner seg for overnasjonalt samarbeid. Det er også et EU som ville ha vekket entusiasme og oppslutning i brede lag av folket, samtidig som det knytter an til en bred og stolt europeisk tradisjon».For å hindre at folka i Europa stiller seg høgare mål, trengst det slik rådgiving. Men eg synst det var noko som mangla. Skal det bli fart i denne prosessen, bør jo Norge delta for fullt. Og for å få verkeleg fart i feltet bør det vere ei raud-grøn regjering som søkjer om norsk medlemsskap i EU. Både SV og i endå større grad Sp bør no få råd om å dempe seg i EU-saka, slik at dei saman med Jens Stoltenberg kan søkje norsk medlemsskap for å bli med og skape eit «multikulturelt og multinasjonalt fellesskap». Og så bør nok kreftene brukast slik i dei neste 100 dagane at RV ikkje kjem inn i det nye Stortinget. Med eit Storting utan opposisjon til venstre for ei ny regjering, bør det vere håp om å knekke den folkelege motstanden som vil knuse den europeiske storkapitalens unionsprosjekt og ikkje berre reforhandle traktaten. Eg ønskjer redaktøren lykke til, men ser samtidig ein fare for at Klassekampen kan miste noko av den «entusiasme og oppslutning i brede lag av folket» som i over 30 år har gitt ei nødvendig avis livsgrunnlag mot alle odds.