400.000 kroner for likestilling
I samband med eit treårig prosjekt på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet utvikla konsulentfirmaet Hartmark Consulting eit verkty for arbeidsvurdering. Arbeidsvurdering er meint å vera ein metode i arbeidet for likelønn. No må firma som vil bruka verktyet, betala opptil 400.000 kroner til konsulentfirmaet, melder LO-aktuelt. I Sverige kan verksemder som vil arbeida aktivt med likelønn, finna tilsvarande verkty gratis på likestillingsombodet sine nettsider. Det vekkjer sterke reaksjonar blant likelønnsforkjemparar at eit verkty som er utvikla for statlege pengar, no skal bli ei inntektskjelde for eit privat konsulentfirma.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent