Vil ha generalstreik
Når LO-sekretariatet i dag skal drøfta framlegget til pensjonsreform, vil dei ha god støtte frå LO-grasrota dersom dei seier nei til både regjeringa og Arbeidarpartiet sine framlegg til nytt pensjonssystem.58 representantar for 28 lokale LO-avdelingar som var samla til konferanse i Oslo sist fredag og laurdag, gjorde samrøystes vedtak om omfattande aksjonar for å forsvara folketrygda og arbeidslivslova. Dei gav for det første full støtte til eit krav frå 5000 tilsette i Aker Kværner om ei markering 11. mai, i samband med LO-kongressen, med ei fanemarkering framfor Stortinget, og vedtok vidare å arbeida for generalstreik 24. mai i protest mot Stortinget si behandling av pensjonsreforma og den nye arbeidslivslova.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent