Edrueleg om kult-drankar
Factotum(USA/Norge 2005)Regi og manus: Bent Hamer, etter bøker av Charles BukowskiFoto: John Chr. RosenlundMusikk: Kristin AsbjørnsenMed: Matt Dillon, Lili Taylor, Marisa Tomei, Fisher Stevens, Didier Flamand1 t 30 minFIRE STJERNERI går kveld opna Trondheims nye, prestisjetunge filmfestival Kosmorama med premiere på ein film det er knytt store voner til: Bent Hamers filmatisering av den amerikanske kultforfattaren Charles Bukowskis sjølvbiografiske roman «Factotum».Å kalla det ein norsk film, vil vera å dra omgrepet langt, men det er vel heller ikkje så relevant. Det er definitivt ein Hamersk film, men ikkje ein som ber merke av same gjennomførte meistergrep som «Eggs» og «Salmer fra kjøkkenet».Forteljinga følgjer Charles Bukowskis alter ego, Henry «Hank» Chinavskis freistnad på å skrapa saman til neste rotbløyte som lausarbeidar i USA på 1970-talet. Chinavski er ein lovlydig og høfleg, ja, nærast dana person. Samstundes som han er ein rå, tidvis brutal alkoholmisbrukar. Matt Dillon kler rolla forbausande godt, vaksen som han har vorte og med ein ny, tyngre 'undersetsig' figur.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent