Ernæringsrådgjevinga har forlate skulekontora til helsesøstrene og er i ferd med å bli storindustri. Tidlegare var mangelsjukdommar og underernæring det store folkehelseproblemet. No trugar dei vestlege livsstilssjukdommane verda, med fedmeepidemien som det mest synlege utslaget. Dei på alle vis svært kostnadskrevjande lidingane som diabetes, hjarte-karsjukdommar og kreft har vortne dei store menneskedreparane i Vesten. Og problema aukar. Dels fordi den vestlege folkesetnaden blir stadig eldre, og dette er sjukdommar som i hovudsak kjem med alderen. Dels fordi eit fysisk passivt, svært feitthaldig, vestleg levesett spreiar seg – til innvandrarar i Europa og USA, og til urbane strok i andre verdsdelar.Churchill-faktoren«Ernæringsgenetikken» kan vere vitskapens som reddar oss frå ernæringsrådas store fiende: Winston Churchill.