Arild Rønsen og Hans Ebbing spør på kvar sin kant om kva RV eigentleg meiner om regjeringsspørsmålet etter valet til hausten. Dei viser til eit innlegg frå Asgeir Bell i Rogaland RV, der han skriv: «Vi oppfordrer SV til å legge bort alle planer om å danne regjering med Ap.» Dette er ikkje RV si line. Denne haldninga vart nedstemt i vårt landsstyre. RV vil ha vekk den regjeringa som sitt no, og dermed støtta opprettinga av ei «venstrekoalisjonsregjering». Dette er naudsynt som ein del av ein forsvarskamp for velferdsstaten, som høgreregjeringa har hastverk med å avvikla. Og ja, dette gjeld sjølv om denne regjeringa blir styrt av Jens Stoltenberg. Men diskusjonen stoppar ikkje der. Som folk både i LO og Attac har peika på, er det sentrale ved valet at det vert ei endring av den politiske kursen, ikkje at ein bytter mannskap i toppen av departementa. Og det er her Rønsen rotar seg bort. Han er skamfull over eit visst politisk trangsyn og ein viss dogmatisme på 70-talet. Bra, det er det fleire av oss som er. Ein kunne då vona at han hadde erstatta svart/kvitt-tenkinga med meir nyansert politisk analyse. Men nei. Her skal vi frå ei grøft til den andre: Dersom RV-arane på 70-talet tok feil, så må vi i dag omfamna SV (og Ap). Men Arild Rønsen: Kan ein ikkje både vera for å kasta regjeringa, og samtidig vera skeptisk til dei nye kostane? Vi går ut frå at Rønsen framleis syns politisk praksis bør vera målestokken når ein skal analysera parti og politikarar. Her er ei lita sjekkliste som kan synleggjera for Rønsen (og andre) kvifor stortingsvalet ikkje er så enkelt som somme vil ha det til: Kva for parti var det som forfatta den marknadsorienterte reforma av helsevesenet i Noreg? Kva for parti sto i spissen for å gjera Noreg til økonomisk medlem av EU gjennom EØS-avtalen? Kven snudde den økonomiske politikken slik at offentleg sektor sin del av BNP sank frå om lag 50 prosent til litt over 40 prosent på ti år? Lista kunne vore mykje lengre, men poenget er enkelt: Stoltenberg og Ap har vore sentrale aktørar i innføringa av nyliberal politikk i Noreg. At Solberg og Clemet har auka takta endrar ikkje på den kjensgjerninga. Samstundes er partiet Rønsen sett sin lit til skal hala Ap til venstre dominert av fløya til Halvorsen og Djupedal. Dei kan godta 20 prosent kutt i folketrygda så lenge dei kan vera med på å bestemma kor det skal kuttast. Djupedal har sagt frå talarstolen i Stortinget at marknadsliberalismen «har nok vunnet en knusende seier, og heller ikke er det mulig å se at det fins noe som helst som kan erstatte den – kanskje heldigvis». Visst finst det ei venstreside i SV, og Hans Ebbing, Audun Lysbakken, Ågot Valle m.fl. er folk som står underteikna – og RV – nær i mange politiske spørsmål. Men det er verdt å merka seg at dei er ein venstreOPPOSISJON i partiet. Rønsen har stor tru på ein eventuell ny regjering: «Kursen vil bli lagt om; fra satsing på individuelle løsninger, privatskoler og et privatisert post- og jernbanenett – til satsing på kollektive løsninger.» Vi – og RV – vel altså å vera litt meir skeptiske. Vi trur det er mogleg å snu politikken slik Rønsen vil – men vi trur ikkje det kjem av seg sjølv. Det er òg mogleg at Stoltenberg, Haga og Halvorsen endar opp med å fremma Nyliberalisme Light, slik Ap tidlegare har gjort. Både før og etter stortingsvalet vil det vera naudsynt med knallhardt politisk press frå fagrørsle, kvinnerørsle, miljørørsle og andre, for å sikra at regjeringsskiftet ikkje berre vert same nyliberale piss på nye, raudgrøne flasker. Då vert spørsmålet til Rønsen – og andre: Trur de at dette presset vert best ivareteke med en-to RVarar på Stortinget, eller med en-to ekstra medlemmar i SV si stortingsgruppe?
Filosofi – og historie
I 1881 skreiv Karl Marx eit høfleg brev til Vera Sasulitsj, der han understreka at den russiske mir’en kunne vere grunnlaget for ein type «agrarkommunisme». Industriproletariatets «revolusjon», derimot, var utelukka i det sterkt uutvikla Tsar-Russland, på lang tid. Noko, men ikkje nok, hadde endra seg i så måte i oktober 1917. Bolsjevikrevolusjonen kom av den enkle grunn at der var eit maktvakuum i Tsar-Russland som berre arbeidar- og soldatråda kunne fylle. Når Lenin nytta harde middel «umiddelbart», var det fordi han forstod at berre fred med Keisar-Tyskland kunne berge landet frå å gå i oppløysing. Tsarvenlege krinsar og den einaste sosialdemokraten i Duma’en, Kerenskij, ville halde fram ein absurd krig, som ville ført til fullstendig «partering» av landet. Bolsjevikrevolusjonen var svært fredeleg fram til sommaren 1918. Då kom dei militære intervensjonane utanfrå ,som øydela det som i utgangspunktet var eit radikalt politisk eksperiment.