Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klassikar på norsk

Michel de Montaignes «Les Essais» som kom ut i perioden 1580 til 1588, er rekna som ein klassikar i verdslitteraturen. Aschehoug forlag har difor bestemt at alle essaya skal omsetjast og verte gjevne ut i tre band dei komande tre åra. I går kom det fyrste bandet, omsett av franskfilolog og pensjonist Beate Vibe:? Det har vore eit frykteleg vanskeleg omsetjingsarbeid, eg har halde på i tolv år og er enno ikkje ferdig. Eg har vore redd for at omsetjinga skulle bli anakronistisk og for at ho skulle bli for fri. Utfordringa har vore å finne ein middelveg, seier Vibe. Og Vibe er full av lovord om sin konsulent Kirsti Sellevold, sjølv om dei to ofte har vore usamde om omsetjingane:? Montaigne bruker til dømes omgrepet «med rompa mellom to salar» som eg har omsett til det norske omgrepet «å falle mellom stolane» som eg fann meir passande, seier Vibe. Og der var Sellevold usamd:? Montaigne var glad i å ri og bruker mange metaforar frå hesteverda. Difor meinte eg det burde stå, skyt Sellevold inn.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?