Med inntoget av yrkesaktive kvinner skulle ein tru at arbeidslivet har tilpassa seg dei nye arbeidstakarane. Tvertom, seier ein amerikansk sosiolog som har forska på den kroppslause arbeidaren.
– Sjølv om kvinner er yrkesaktive i langt større grad enn tidlegare, har dette ikkje ført til at arbeidslivet er meir tilpassa arbeidstakarar som har familieansvar, tvertom, seier den amerikanske sosiologen Joan Acker. Den tilsynelatande kjønnsnøytrale arbeidaren har tidlegare vore oppfatta som ein kvit mann med ei heimeverande kone. Men i det moderne arbeidslivet er dette berre er ein del av sanninga. Store delar av arbeidslivet baserer seg på den unge, kvinnelege arbeidaren, utan familie og utan plikter. Den abstrakte arbeidaren har ikkje kropp eller kjønn, og lønna er så låg at den knapt nok rekk til å forsørgja arbeidstakaren sjølv.