Ein skeiv rebell
Mian LodalenSmuleklubbens skamløse søstreGyldendal 2004Meldt av Susanne ChristensenDei tre veninnene My, Mackan og Hedda har ein klubb, Smuleklubben, eit stort sett muntert lidingsfelleskap, der den av dei tre som er dårlegast til å score damer, blir innehavar av «Sleiva» (ei slags leiarklubbe). Gjennom romanen følgjer vi My sitt slackertilvere som frilansjournalist i «Queer Express» i Stockholm, dei pinlege affærane hennar og dei ulike intrigane og fordommane desse akkumulerer. Dagboksforma som blir brukt, verkar som ein litt påklistra garantist for eit språk som rører seg i eit dokumentarisk og intimt leie; det er eit grep som eigentleg bryt med realismekontrakten – for My går tilsynelatande skrivande inn og ut av situasjonane og scenaria i boka. Men jaudå, vi kan etter kvart gå med på at dette er den indre stemma til My, eit slags mentalt notat.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent