Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To range, ein rett

Tor Bach har dei siste par åra freista finna knaggar å henga skuldingane sine om antisemittisme på. Han hevda at det var ein myte at det er ein ortodoks, jødisk skikk å forbanna gravene til ikkje-jødar. Men det er det ikkje: Skikken er omtala i den mest brukte handboka i ortodoks religion, Kitzur Shulchon Oruch. Han hevda at det var ein konspirasjonsteori at israelske borgarar vart åtvara mot åtaka 11/9. Men det var det ikkje – tvert om var historia lett å dokumentera. Bach gjekk samstundes i surr i eigne fotnoter – og det er kan henda for mykje forlangt at han skulle sjekka fotnotene til Shamir. I tilfelle ville han sett at det ikkje er Israel Shamir, men professor Israel Yuval ved det hebraiske universitetet i Jerusalem som hevdar at det finst døme på at jødar i europeisk middelalder ofra eigne born rituelt i synagogen.