Noter

Noter

Ai ai, det er ikkje lett å vera verdsstjerne. Ed Sheeran har fått på pukkelen dei siste par vekene, etter det vi kan kalla Macklemore-gate: Sheeran skal ha blitt pressa av mellom anna Robert Kraft (85), søkkrik, Trump-vennleg businessmann og stadioneigar, til å droppa Macklemore og hans uttalte palestinastøtte frå turneen sin. Sheeran si insistering på å halda seg apolitisk verkar mest av alt tragikomisk. Og no får han salt i såret: countrystjerna Zach Bryan spelte nemleg på Kraft-eigde Gillette Stadium i Massachusetts i helga, kledd i ei «Free Palestine»-t-skjorte – og slo alle publikumsrekordar for stadionet. Over 73 000 fans såg Bryan opptre. Symbolikken er tung, spesielt fordi Bryan tidlegare har prøvd å gå same apolitiske, «nøytrale» linedans som Sheeran (og Dolly Parton). Bryan er dessutan veteran frå Marinen – og driv på med country, ein tradisjonelt konservativ sjanger. Måndag kveld gav også Lorde eit lite spark i retning Kraft: på instastoryen sin la ho ut sceneantrekket frå kveldens konsert i Austin, med «Free Palestine» skrive nedst på jakka. Ho tagga @mr.robertkraft.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Musikkmagasinet

Bok

Real surrealist

Robyn Hitchcock har alltid vært på feil sted til feil tid.

Konsert

Sanger for evigheten

Stevie Wonder feiret 50 år gammelt afro­­amerikansk nøkkelverk på Unity Arena.

Konsert

Vikla inn i blått igjen

De musikalske elvene rant gjennom Bob Dylans melankolske Oslo-konsert.