Shygirl
Swallow!
Because
Ute 6. november
Då eg var i Kina for eit par veker sidan, selde dei vakuumpakka, gråbleike hønseføter som snacks i kiosken. Eg blei rimeleg kvalm av synet, men klarte ikkje slutta å stira. Og dessverre klarar eg no ikkje å ta innover meg dette albumcoveret utan å tenka på desse avkappa hønseføtene som hang der, innpakka i neongrøn plast. Og det er jo eit ekkelt cover, dette – føtene (tærne? klørne!?) liknar jo larvar! – men det er fantastisk effektivt. Du liksom kjenner lukta av noko rått, noko slimete som møter oksygenluft for første gong, noko som berre MÅ UT. Er det eit bilde på Shygirl sin musikk? Er dette låtane hennar som MÅ UT, eller er det heller ein metafor for ein ny start, ein ny era? Ein artist som «går inn i sin mest utforskende og personlige del av karrieren til nå», slik som annakvart presseskriv hevdar?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


