Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen varslar no at ho vil ha Stortinget med på fleire tiltak etter avsløringane til Klassekampen om at fleire private barnevernsinstitusjonar har band til kriminelle.
Tiltaka er:
- Ei nasjonal varslingseining for barnevernet.
- Strengare bakgrunnssjekkar av både tilsette, eigarar og strukturar.
- Automatisk rapportering av faktisk bemanning.
I tillegg vil Raudt ha ein konkret plan for å fase ut kommersielle aktørar frå barnevernet.
– I likskap med avkommersialiseringsutvalet meiner me at det ikkje er nokon grunn til å ha eit profittmotiv i barnevernet, seier Martinussen.
Ein rapport frå A-krimsenteret i Tønsberg viste at 16 private barnevernsverksemder på Austlandet hadde koplingar til kriminelle, mellom anna gjennom eigarar, daglege leiarar og tilsette med tilknyting til kriminelle nettverk.
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) har sagt til Klassekampen at det ikkje er aktuelt å fase ut kommersielle aktørar frå barnevernet som ein reaksjon på avsløringane.
– Me er oppgitte og bekymra over svara frå statsråden. Regjeringa har både freda kommersielle aktørar sitt høve til å tena pengar på sårbare barn og unge og brukt altfor lang tid på å reagere, seier Martinussen.
Strengare bakgrunnssjekk
Raudt meiner avsløringane om kriminelle i barnevernet styrkjer argumentet for å fase kommersielle aktørar ut av barnevernet. Partiet viser til at Arbeidarpartiet tidlegare gjekk inn for ein forpliktande plan for å redusere bruken av kommersielle aktørar, og meiner regjeringa no har gått bort frå denne linja.
– Eg registrerer at dei ikkje lenger meiner det, og det er veldig synd. Det er ingen menneskerett å tene pengar på barn i barnevernet. Ja takk til private ideelle, men nei til kommersielle, seier Martinussen.
«Å pøse pengar inn i eit dysfunksjonelt system fungerer ikkje.»
— Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Sp
Raudt vil altså ikkje stengje ute alle private aktørar. Partiet skil mellom kommersielle selskap, der eigarane kan ta ut overskot, og ideelle organisasjonar som driv utan profittføremål.
– Men er det ikkje mogleg å drive privat barnevern utan at kriminelle får innpass?
– Raudt vil gjerne ha private, ideelle aktørar i barnevernet. Dei har ofte lang erfaring og viktige kompetansemiljø. Skilnaden går ved profittmotivet.
Partiet meiner profittmotivet er særleg problematisk i barnevernet fordi barna som bur på institusjon, ofte står i ein svært sårbar situasjon og har avgrensa høve til sjølve å kontrollere kvaliteten på tilbodet dei får.
– Barn og unge i barnevernet er særleg utsette. Dei er barn, og mange manglar vaksne omsorgspersonar som kan passe på interessene deira. Då blir maktskeivheita mellom barnet og eit selskap veldig stor, seier Martinussen.
Sp-Toppe er kritisk
Kjersti Toppe, tidlegare barne- og familieminister og noverande stortingsrepresentant for Senterpartiet, trur ikkje forslaga til Raudt vil betre situasjonen noko særleg.
– Det kan vere heilt greitt med sterkare bakgrunnssjekk og varslingseining. Men me må gjere mykje meir. Dette vil ikkje hjelpe, seier ho.
Toppe har tidlegare foreslått mellom anna å auke grunnbemanninga i barnevernet kraftig. Likevel er heller ikkje det nok, trur ho.
– Det å pøse pengar inn i eit dysfunksjonelt system fungerer ikkje. Eg gjorde det sjølv som statsråd, men eg har sett at det ikkje nyttar å kome med fleire einskildtiltak. Me må endre heile systemet. Me må dra barnevernet ut av anbodssystemet, og Bufdir kan ikkje halde fram med å drive barnevern, seier Toppe.
Bufdir er fagdirektoratet for barnevernet, medan Bufetat er den statlege etaten som mellom anna driv barnevernsinstitusjonar og skaffar fosterheimar. I dag er dei tett kopla organisatorisk: Bufdir styrer Bufetat, og direktøren i Bufdir er også øvste leiar for etaten.
Toppe vil skilje dei tydelegare frå kvarandre, slik at Bufdir blir eit reint fag- og forvaltningsdirektorat, medan Bufetat får ei eiga leiing og ansvar for den praktiske drifta av det statlege barnevernet.
Sp-politikaren meiner at avsløringane har synt at systemet ikkje fungerer i dag.
– Dette kjem av store systemsvakheiter i barnevernet. Det er lite kontroll, og det er sårbare folk som er der. Den kombinasjonen er veldig farleg. Det har vore tallause rapportar som seier at born ikkje får den omsorga dei skal ha. Du løyser ikkje det med eit nasjonalt varslingssystem.

Janne blei brukt i barnevernsløgn

