Rødt har delt denne artikkelen med deg.

Rødt har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Barnevern

– Som å høyra eit ekko av NHO

Regjeringas samarbeidsparti meiner Arbeidarpartiet har kjøpt NHOs forteljing om at alle gode krefter må bidra i barnevernet.

Reagerer: Kirsti Bergstø (SV), Marie Sneve Martinussen (R) og Kjersti Toppe (Sp) er skuffa over at Arbeidarpartiet fredar dei kommersielle i barnevernet. Reagerer: Kirsti Bergstø (SV), Marie Sneve Martinussen (R) og Kjersti Toppe (Sp) er skuffa over at Arbeidarpartiet fredar dei kommersielle i barnevernet.

«I diskusjonen om arbeidslivskriminalitet og kriminelle nettverk som kan infiltrere seg i velferden, er det en forenkling å redusere det til en diskusjon om kommersielle», sa barneminister Lene Vågslid (Ap) til Klassekampen før helga.

Ho gjorde det samstundes klart at ho fredar dei kommersielle aktørane. I samarbeidspartia til regjeringa skapte intervjuet reaksjonar.

– Eg er veldig skuffa over Vågslid og Arbeidarpartiet som går vekk frå det riktige og viktige standpunkt om å fasa ut kommersielle frå barnevernet, seier Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.

Ho viser til at Arbeidarpartiet i 2018 sjølv fremja eit forslag i Stortinget om å fasa ut kommersielle aktørar frå barnevernet.

I Hurdalsplattforma var det også eit løfte om å «gradvis fasa ut store kommersielle aktørar innanfor barnevernet. Avslutte bruken av konkurranseutsetjing og anbod i barnevernssektoren og sikra ideelle verksemder langsiktige avtalar med det offentlege».

– Ekko av NHO

Både Martinussen og SV-leiar Kirsti Bergstø meiner Arbeidarpartiet i dag i for stor grad lener seg på NHO.

– NHO og dessverre Arbeidarpartiet er einige om å bruka masse pengar på kontroll. Det verker som det viktigaste er at kommersielle skal få tena pengar på barnevernsbarn, seier Martinussen.

Bergstø meiner Vågslid har kjøpt forteljinga NHO i lang tid har forsøkt å bygga opp om at «alle gode krefter må bidra».

– Det er som å høyra eit ekko av NHO sin veldig vellykka kampanje, seier Bergstø.

– Det som er nødvendig å gjera, er å bygga opp eit offentleg tilbod saman med ideelle aktørar, seier Bergstø og får støtte av Raudt-leiaren.

Bergstø er ærleg om at alle problema i barnevernet ikkje blir løyst ved å stenga dørene for kommersielle selskap, men ho meiner det blir eitt problem mindre.

– Med eit profittmotiv i barnevernet får me ein interessekonflikt me ikkje treng, seier ho.

– Regjeringa må sjølv erkjenna at det er ei interessekonflikt her, og at det er interesser som ønsker å tena pengar på sårbare barn. Lene Vågslid må svara på den utfordringa, seier Bergstø.

«Barnevernet er ekstra spesielt, og det er ekstra vanskeleg å styra.»

Jan-Erik Støstad, leiar for Avkommersialiseringsutvalet

SV-leiaren meiner Vågslid må henta fram rapporten som Avkommersialiseringsutvalet kom med for fire år sidan. Rapporten viser at det er fullt mogleg å fasa ut kommersielle aktørar frå barnevernet.

– Eg forventar at barneministeren ikkje går inn i dette med naivitet, men forheld seg til interessene som er i spel, seier Bergstø.

Også tidlegare barneminister Kjersti Toppe (Sp) reagerer på det ho meiner er eit linjeskifte frå Arbeidarpartiet.

– Det er totalt uforståeleg at Ap fredar dei kommersielle i barnevernet. Ap var før 2021 ein pådrivar for å få ut dei kommersielle. No fører Ap ein Høgre og Frp-politikk på barnevernsfeltet, seier Toppe.

– Er mogleg

Tidlegare statssekretær i Stoltenberg II-regjeringa Jan-Erik Støstad var leiar for Avkommersialiseringsutvalet. Også han meiner det er grunn til å ta opp att rapporten frå Avkommersialiseringsutvalet. I tillegg til dei to rapportane frå Stene-utvala, som har sett spesielt på organiseringa av barnevernet.

Ifølge Støstad var det for Avkommersialiseringsutvalet eit paradoks at andelen kommersielle aktørar var så høg i barnevernet, der tenestene er svært komplekse og barna svært sårbare.

– Barnevernet er ekstra spesielt, og det er ekstra vanskeleg å styra og ekstra vanskeleg å laga kontraktar på. Det gjer det vanskeleg å styra uansett, men det gjer også at ulempene ein kan ha med eit profittmotiv kan slå sterkare ut her enn andre område, seier Støstad.

Det låg ikkje i mandatet til utvalet å foreslå avkommersialisering av konkrete tenester, men dei gjekk på ein systematisk måte gjennom velferdstenestene og såg kva særtrekk dei ulike tenestene har.

– Er det mogleg å fasa ut dei kommersielle aktørane frå barnevernet?

– Me viste metodar å gjera det på. Dette er eit vanskeleg område uansett, men me meiner det er mogleg. Uansett vil det løfta barnevernet framover om dei breiare og langsiktige verknadane blir betre erkjent. Barnevernet har også ein samfunnsfunksjon, seier han.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med