Maisen Maria Kristvik Meyer har delt denne artikkelen med deg.

Maisen har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Kongens gravferdKronikk

Slektstreff med slagside

Etter ei verdig gravferd må vi diskutere seremoniens politiske element – gjestelista.

Spøkelsesprinsesse: Rosario Nadal frå republikken Bulgaria kom til gravferdsseremonien til kong Harald V i Oslo Domkirke onsdag. Foto: Stian Lysberg Solum, NTBSpøkelsesprinsesse: Rosario Nadal frå republikken Bulgaria kom til gravferdsseremonien til kong Harald V i Oslo Domkirke onsdag. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB

Mykje fint er skrive om Kong Harald etter hans bortgang. Det meste om hans person, men og ein del om rolla hans. Litt om forholdet mellom Harald og dei andre kongelege i Europa. Noko om den uformelle makta som nasjonalt symbol, som verdiformidlar, og som døropnar ute i den store verda. Saman med den formelle rolla som leiar av Statsrådet utgjer desse Kongens politiske roller. For når var det sist apolitisk å definere norske verdiar, eller bygge diplomatiske forhold?

Så vidt eg kan sjå er likevel ingenting skrive om politikken i kven Kong Harald sjølve valde å pleie omgang med.

Haralds krets er ikkje heilt nøytral, og det syner gravferdas gjesteliste. For blant statssjefar, regjeringssjefar, diplomatar, kongelege, biskopar, dommarar, vener og beskyttarskap finst ein ganske underleg gjeng: etterslekta til tidlegare monarkar på Balkan.

På lista står Alexandar Karadordevic, Rosario Nadal, og Alexia de Grece. Eller, som NRK i skrivande stund har vald å kalle dei: «Kronprins Alexandar av Serbia og Jugoslavia», «Prinsesse Rosario av Bulgaria», og «Prinsesse Alexia av Hellas og Danmark». Alle hevdar kongemakt, anten for familien eller seg sjølve, i land som ikkje har hatt monarki på mange tiår.

Invitasjonen frå utanriksdepartementet, etter alt å døme på hoffet og familien sitt ønskje, bør tvinge fram ein diskusjon om kva relasjonar ein Konge kan ha heilt privat, om når relasjonen får meir formell diplomatisk karakter, og om når slik diplomatisk kontakt fremmar norsk utanrikspolitikk.

Når desse pretendentane påstår å ha krav på ei trone, og pleier omgang med faktiske monarkar som likemenn, har ikkje relasjonen lenger særleg privat karakter. Sett frå Alexandar og Rosario er dette diplomatisk omgang på nivå. Den einaste grunnen til at dei har ein relasjon til vår konge er jo deira slektskap med eit no ikkje-eksisterande kongehus.

Det er kanskje ikkje så farleg, så lenge ingen av dei er aktuelle for ei politisk rolle i heimlanda. Men det er ikkje utenkjeleg. Tvert om var Simeon, far til Rosario, statsminister i Bulgaria i 2004-2005, etter å ha vore landets siste tsar som tenåring rett etter krigen. At hans status som kongeleg, halden i hevd av anerkjenning av andre europeiske kongehus, ikkje spelte ei rolle her, er utenkeleg.

Alexandar har og nytte av å pleie omgang med den europeiske eliten. Det gjer han legitimitet og eit høgtståande nettverk i EU/EØS-landa betyr noko for ein mogleg leiar av EU-søkjarlandet Serbia. Her er han på kant med den sittande regjeringa i Serbia, som motarbeider søknaden. Han er dermed ei politisk motstemme på jakt etter posisjon – han er politikar.

«Sololøp i utanrikspolitikken er og dessverre vorte vanlegare i norsk politikk»

I eit konstitusjonelt monarki har ikkje Kongen eigen utanrikspolitikk. Han jobbar for regjeringa og Stortinget og skal fremme norsk utanrikspolitikk. Dette bør vere sjølvsagt. Noreg anerkjenner så vidt eg veit ikkje staten Jugoslavia, og ønskjer ikkje regimeskifte i Serbia, Bulgaria eller Hellas.

At kongen kan ha vener med underlege tankar om si rolle i verda, er greitt. Men det er ikkje uproblematisk å gje indirekte anerkjenning, legitimitet, til alternative statsoverhovud i hytt og pine. For om det skulle verte kaos eller borgarkrig i heimlanda deira vert fort kongeslekta naturlege kandidatar for eksilregjering, nett slik sjahsonen Reza Pahlavi II for tida gjer i høve Iran.

Eg vil ikkje overdrive problemet og sannsynet for noko liknande i Europa. Her er meir eit prinsipielt problem. Med litt tankegymnastikk går det nok greitt, men eit problem, det er det.

For kongens anerkjenning betyr noko. Det må vere sant om det samtidig er sant at han er det fremste symbolet på Noreg.

Sololøp i utanrikspolitikken er og dessverre vorte vanlegare i norsk politikk. Sylvi Listhaug møtte Israels ambassadør i 2024, og stortingspresident Masud Gharahkhani har gjenteke kontakt med og eit openlyst engasjement for Reza Pahlavi II, stikk i strid med grunnlova si ordning der utanrikspolitikken ligg til nettopp «Kongen» – regjeringa.

Same kva ein meiner om Kongens høve til å velje krets, må omtalen av dei spesielle gjestene, særleg i NRK, påtalast.

Å vere prins eller prinsesse er å vere høgadel, helst born av kongar og dronningar. Det føreset slektskap med ein monark. Ingen er monark, ingen er adel. Det er ikkje ein ibuande eigenskap ved ein person. Det burde vere opplagd i eit moderne demokrati som Noreg, der me ikkje trur på ideen om «konge av guds nåde». Monark er anten ein tittel ein har eit rettmessig demokratisk krav på å vere, eller ei rolle ein reint faktisk utøver som regent, som gravferdsgjest Kong Abdullah av Jordan. Gjengen frå Balkan er ingen av delane.

Å kalle desse eventyrarane prinsar og prinsesser er nytale av verste sort. Omgrepa vert meiningslause, og får ein til å lure om ikkje journalistane veit at me har eit godt norsk ord for folk som desse: tronpretendent.

Eg tvilar på at UD, hoffet og NRK ønsker regimeskifte i andre europeiske land. Men passiviteten er for meg uforståeleg.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Kronikk

Hvis norske politikere vil forbedre resul­ta­tene i skolen, kan det være lurt å se til England.

For å forstå Pisa-sjokket i ungdoms­skolen, må vi gå ti år tilbake i tid.

Markeds­hensyn har full­sten­dig overtatt i den politiske styringen av barne­ver­net.