Odd Erik Nygård (Klassekampen 25. august) har rett sin kritikk av min omtale av LOTTE-Konsum (Klassekampen, 12. august). Like fullt er eg framleis skeptisk. Sjølvsagt vil innføring av full meirverdiavgift på elbilar representere ein progressiv skatteauke, fordi det fram til i dag i hovudsak er folk med relativt høge inntekter som kjøper elbilar. Men notida har ei historie: I fleire år har dei rikaste nytt godt av totalt momsfritak på kjøp av dyre elbilar, og staten har tapt mange titals milliardar kroner på dette skattefritaket. Når hushalda med lågare inntekter etter kvart må kjøpe elbil, skal dei derimot betale full moms. Det er openbert at fordelingseffekten av denne prosessen har vore til ekstrem fordel for dei rike. Dette blir ikkje fanga opp i den statiske modellen, men Skattekommisjonen burde i det minste ha nemnt det.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn