Advokat Rebbestad argumenterer i Klassekampen for at Kulturrådets vedtak om å nulle Helene Uris bok «I mitt lune hi» er ugyldig. Det er fullt mogleg Rebbestad har eit poeng om at vedtak som får økonomiske og kunstnarlege konsekvensar, bør vere grunngjevne på ein måte som gjer det mogleg å forstå kva som er vurdert. Samtidig er det ikkje til å komme vekk ifrå at tilfellet «I mitt lune hi» er spesielt. Rebbestad bude valt ein anna kampsak enn akkurat denne boka her.
Boka til Uri tek altså utgangspunkt i ein høgst reell straffesak, der ein mann vart dømd for overvaking av ein leilegheit der det budde mor og dotter. I boka nytta Uri opplysingar frå dommen heilt utan at ofra frå den kriminelle handlinga vart spurte om samtykke eller varsla før boka vart sendt i trykken. Dette er i seg sjølv oppsiktsvekkande uetisk, og grunnlag åleine for å ikkje inkludere boka i noko innkjøpsordning, etter mitt syn. Men i tillegg har Uri også begått sitatforfalsking.
Stefan Fisher-Høyrem har vist i sitt innlegg i Klassekampen 15. juli at Uri endra sitat som i boka blir presenterte som autentiske utdrag frå dommen. Ifølge boka omhandla også dommen at moras sambuar hadde utøva vald mot ho. Men i realiteten finst ikkje dette i dommen. Denne sitatmanipuleringa er altså gjort samtidig med at Uri skriv innleiingsvis at dommen er «ordrett gjengitt, bortsett fra at språkfeil er rettet, og at noen varsomme revisjoner er gjort for å skape bedre samanheng». At mannen sjølv også vart utsett for den grove og langvarige snikfilminga saka handlar om, gjer framstillinga endå meir urimeleg.
Det bør vere etisk og moralsk vanskeleg for ein kvar bibliotekar, meg sjølv inkludert, å kjøpe inn denne boka til eige bibliotek når ein veit den legg byrde på skuldra til offer for ei kriminell handling, slik Uri si bok gjer. Rebbestad kan ha rett i at Kulturrådet burde ha grunngjeve vedtaket betre. Men det inneber ikkje at utfallet var feil. Ettersom boka vart sendt i trykken utan samtykke frå dei involverte og fordi den innehelder injurierande løgner om ekte personar, kan den ikkje seiast å oppfylle kriteriet om nødvendig redaksjonelt arbeid. At advokat Rebbestad har dette som sin kampsak vert soleis noko forunderleg.
