Bjørgulv Braanen har delt denne artikkelen med deg.

Bjørgulv har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Signert

Takk for orda. No er det vår tur

Kong Harald har gått bort. Då eg søkte trøyst, var det hans eiga røyst som dukka opp i meg.

Illustrasjon: Knut Løvås Illustrasjon: Knut Løvås

Eg sat på t-banen då ein venn melde meg, eg var på veg til jobb. «Åh, tenk at han er borte», skreiv ho. «Eg er oppriktig trist». Eg trudde på ho. Kjente det snørte seg i halsen sjølv, då eg gjekk av på Nationaltheatret, og rusla saman med hundrevis av andre til Slottet. Dagen før hadde folk byrja å kome. Dei hadde tatt med blomster, kort. Kor kom, song songar. Barn kom, og hadde med teikningar. I andre byar, på andre plassar, fann folk stadar å møtest. Å samlast. Å legge sine blomster, sine ord, sin takk og si sorg.

Då eg fekk bodskapen om at Kong Harald var gått bort, på t-banen, sat eg og las orda hans. Det er det eg har gjort dei siste dagane, eg har lese meg gjennom gamle talar. Det kom overraskande på meg, at eg skulle ha lyst til det, at det skulle kjennest naudsynt å lese desse orda. Det var ikkje planlagt, men då kongen blei lagt inn, då familien hans drog samla til sjukehuset, då vi fekk vite at vi måtte førebu oss på det verste, då tenkte eg at det var akkurat Kongens ord eg trengte å høyre.

Som litteraturvitar og forfattar arbeider eg med ord. Men det var ikkje ei fagleg interesse som førte meg til orda hans, til talane hans, i desse dagane. Nei, eg kjente at eg trengte trøyst. Og då eg kjente eg trengte trøyst, så var det hans eige ansikt, hans eiga røyst, som dukka opp i meg.

Når det har røyna på i landet vårt, har Kongen vore der. Han har vore der andre gangar og, det er ikkje det, han har reist rundt og med stor og synleg glede møtt mange av oss. Det er så mange bilde av kongen vår som ler! Av kongen vår som feirar, som klemmar, som jublar. Det eg meiner, er: Det var så lett å tru på det, at han elska folket og brydde seg om oss.

Han var der det var viktig å vere. Blant oss. Og kanskje var det nettopp fordi han var blant oss, at orda hans også trefte oss. For mange av oss har han vore eit vitne i liva våre, til nokre av våre viktigaste augneblinkar. Og til tidas gang: Ansiktet hans frå nyttårstalane han har haldt, år etter år, som eg har lytta til, frå eg var ung vaksen. Der han snakka til oss, om oss, med oss – om året som har vore, om verda som den er, om livet som det kan vere.

Då eg søkte trøyst, var det til orda hans. Eg søkte til nyttårstalen han haldt på nyttårsaftan i 2024. «Ingen av oss er spart for smerte og motgang», heiter talen han haldt då. 2024 var, som mange av dei siste åra, synst eg, eit år prega av krig og vanskar. Og kongen snakkar om dette, om alt som har skjedd i verda dette året. Om krig i Ukraina, konflikt på Gaza. Men han snakkar også om året slik det har vore for hans eigen familie. Han nevner det kort: «For oss i familien har dette vært et år da vi virkelig ble satt på prøve. Et år da vi har blitt enda mer bevisst på hva som betyr noe her i livet.»

Sånn var kongen vår, tenker eg. Han visste noko om menneskeleg smerte, og han brukte det han hadde erfart til å føle med andre som hadde det vondt. Og det er jo oss alle – som han seier, «ingen av oss er spart for smerte og motgang».

Når eg søker trøyst i kongens talar, så er dette kanskje litt av grunnen. Han freistar aldri å skjule at livet kan vere vanskeleg, at ting kan gjere vondt, at verda kan vere hard. Men han stoppar heller aldri her, nei, for meir enn noko anna er talane hans fulle av håp. I nyttårstalen hans frå nyttårsaftan 2017, er dette sjølve temaet. «Det går ein stor vilje gjennom verden», heiter talen, og kongen skriv om kor viktig det er å sjå viljen til det gode, i tider der vi ser mykje vondt.

«Han var der det var viktig å vere. Blant oss»

«Historiene om menneskers onde handlinger og lidelsene det påfører andre, er mange. Det kan være lettere å kjenne kulden og frykten enn varmen og styrken. […] Men nettopp derfor trenger vi å minne oss selv og hverandre på den gode kraften som tross alt går gjennom verden, som bor i hvert eneste menneske.»

Og det som er så fint i talen er det han gjer vidare. Han snakkar om alle måtane denne gode viljen kjem til uttrykk gjennom heile det vesle store landet vårt. Om alle frivillige som kokar kaffi og steiker vaflar, om fotballtrenarar og besøksvenner. Og han snakkar om kor viktig den er, viljen til å sjå kvarandre. I ei tid der så mange av oss jagar etter rikdom, etter status, etter helse, etter venleik, tenker eg på at kongen denne kvelden sa: «Vår aller viktigste ferdighet som medmennesker er evnen til å forstå hvordan et annet menneske har det.»

Og eg trudde på han.

For det var ikkje berre denne eine gangen han snakka om dette. Tittelen for nyttårstalen 2022, bar nettopp dette bodskapet: «Det er tid for å se hverandre nå». I nyttårstalen 2021, er tittelen «Innlevelse i andre menneskers liv». I denne talen snakkar han om korleis evna vår til å leve oss inn i kvarandre sine liv, på tvers av alle våre ulikskapar, er sjølve kjelda til at vi kan klare å leve godt saman.

Når desse orda treffer meg, så er det også fordi kongen levde etter dei. I talar, og i gjerningar, var han inkluderande. Han snakka om eit vi som inkluderte minoritetar og majoritetar i ulike former og utgåver. «Norge er oss», sa han i den kjente velkomsttalen under Kongeparets hagefest i 2016.

Då eg kom opp på Slottsplassen fredag morgon og flagget vaia på halv stong, då slog det meg at det var så mange ulike folk her. Men kanskje mest av alt tenkte eg på det at det var så mange unge. Mange såg ut som dei framleis gjekk på skulen, som om dei hadde reist til Slottsplassen heller enn direkte på skulen, for å stå der saman med venner og andre, fordi det var den plassen dei trengte å vere. Og det seier noko om korleis orda hans nådde fram: Orda hans og åsynet hans verka i oss, på tvers av generasjonar, på tvers av bakgrunnar og på tvers av tradisjonar.

Fellesskapet som står samla i sorga no, er kanskje sjølve arven hans. Vi tar med oss orda hans, og utfordringa han gav oss: Å sjå kvarandre, å freiste å leve oss inn i kvarandre sine liv, å inkludere kvarandre. Å rekne med kvarandre. Å ikkje vike unna for å anerkjenne det som er vondt. Samstundes: Å leite etter lyset, etter håpet, som han såg og løfta fram, i alle dei kvardagslege tinga som vi gjer for kvarandre.

Tusen takk, Kong Harald, for orda du har gitt oss. Dei vil fortsette å verke.

Kvil i fred.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med