Akkurat nåAkkurat no

‘Tis the season

Ah, kva er det med denne tida på året som er så utruleg deilig? Jo visst var det trist når ein forsto at sommaren snart var over, at han som vanleg hadde flydd forbi. Men så, når lufta brått er klar som eit nyvaska vindauge og akkurat så varm at du kan gå i skjørt utan strømpebukse og ein passe tjukk genser (som varmar, men ikkje gjer ein sveitt), og ikkje berre det: Lufta kviskrar, som ho har gjort så mange gonger før, at no kan liksom alt skje, berre du følgjer med, men ikkje på ein masete måte, som sommaren kan gjere, men på ein stille, delvis nostalgisk og delvis håpefull, måte.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Brødhuset Bastian (II)

Bak brødkvernen ble Bastian fylt av en helt spesiell følelse. Det var som om tusen soler skinte i hans innerste brødhjerte. Han sveivet ekstra hardt på sveiven. Ut av kvernen seilte et vidunderlig, deilig, aldeles fantastisk brød. Brødmaker Bastian hadde aldri sett en så deilig klump med kvernferskt brødsom denne. «Jeg har laget verdens beste brød», tenkte brødmakeren. Han fikk sin assistent ass.

Brødhuet Bastian (I)

Brødmaker Bastian kom fra en liten bygd i Nord-Norge. Bastian var oppkalt etter Thorbjørn Egners rollefigur som patruljerer gatene i det dystopiske tettstedet Kardemomme by. Eller, det var det Bastian tenkte selv om navnet. Helt ærlig visste han ikke helt hvorfor han het Bastian. Foreldrene hadde aldri fortalt det til ham. Det var sikkert mange grunner til dette. Én av dem var at foreldrene til Bastian aldri hadde møtt hverandre før.

Ting eg hatar

Nyheitene er vanskeleg å følgje med på og vanskeleg å ta innover seg. Og viss du får til å ta dei innover deg, er dei stort sett så fæle at du kjenner deg tom, forvirra, apatisk eller livredd. Men det norske nyheitsbildet klarer uansett alltid å vere sitt gamle eg, på eit eller anna vis. Med liksom dei same debattane, folka og vendingane. Og det er noko ved dei som klarer å vekke mykje frustrasjon og sinne, og nesten ei kjensle av, ja, eg veit det er eit hardt ord som ikkje skal brukast for mykje, men hat. No kjenner eg at eg treng å få ut aggresjonen ein eller annan plass, og då er denne spalta fin. Her er ting eg hatar ved nyheitene: Ordet «pumpepris». Særleg når politikarar seier det. (Eg kan legge til ordet «penispumpe». Det er ikkje så ofte i nyheitene, men det er noko vemmeleg med p-ane på rad, ein spyttar dei stygge orda.) Folk som smattar mens dei snakkar på radio.