Mohamed Abdi har delt denne artikkelen med deg.

Mohamed Abdi har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Essay

Kva er det med Alberte?

Tiltrekningskrafta til Cora Sandels Alberte ligg i fridommen ho har som ein utprega litterær figur.

I PARIS: Cora Sandel drog til Paris i 1906 for å bli kunstmålar, og særleg i «Alberte og friheten» skriv ho om kunstnarmiljø i Paris. Her frå Émile Bernards måleri «Cabaret à Paris» (1889). FOTO: WIKIMEDIA COMMONSI PARIS: Cora Sandel drog til Paris i 1906 for å bli kunstmålar, og særleg i «Alberte og friheten» skriv ho om kunstnarmiljø i Paris. Her frå Émile Bernards måleri «Cabaret à Paris» (1889). FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

Eg drog ikkje til Paris på grunn av Alberte. Men då eg kom dit, forstod eg at Cora Sandels skildringar av Alberte i Paris meir enn noko anna har forma mitt bilete av byen. Den vakre og harde byen, der fridommen og fattigdommen bur tett på kvarandre, der ein kan bli seg sjølv eller like gjerne mista seg sjølv. Eg kom om lag hundre år etter den fiktive Alberte, eg hadde blitt tildelt stipendopphald i ein kombinert leilegheit og studio i Cité Internationale des Arts. Ei høg sekstitalsblokk med plass til over tre hundre kunstnarar om gongen. Midt i byen, like ved Seinen. Noko hadde forandra seg sidan Albertes tid: Me budde ikkje lengre i kummerlege hotellrom med veggedyr og mus på Montparnasse. Me budde på institusjonen bygd for oss, stabla i høgda. Ein av dei tilsette viste meg leilegheita mi, han peikte alvorleg på kvar enkelt gjenstand som var der og registrerte dei i eit skjema. Det var noko merkeleg med serviset i kjøkkenskapa, det var liksom gjennomskinleg, mjølkeaktig, laga av eit veldig billig materiale. Eg forstod at eg måtte justera forventningane mine jo før jo heller; det er mykje som ikkje er vakkert i Paris. Dessutan er det vanskeleg å arbeida der, det veit alle som har prøvd. Byen ropar: Kom ut, kom ut! La meg lysa på deg med venleiken min. Men byen konfronterer og audmjukar også den som kjem hit og trur ho er noko. Alt dette veit Alberte, og alt dette har ho vist meg. Då mannen med skjemaet hadde gått, opna eg vindauga ut mot gata og elva, den varme junidagen slo mot meg, lufta fylt av eksos og klorofyll. Likna Seinen flytande metall som i «Alberte og friheten»? Eg strekte meg for å sjå.

Ein skriven figur

Alberte-trilogien, Cora Sandels hovudverk.I år er det hundre år sidan det første bindet, «Alberte og Jakob», kom ut. Men kva er det som gjer at Alberte-figuren framleis er ein levande del av litteraturhistoria, at ho står så tydeleg for mange lesarar? Ja, også mange av dei som ikkje har lese trilogien, veit noko om Alberte. Kanskje veit dei dette: At ho frys i den nordnorske småbyen ho veks opp i. At ho lengtar vekk. At ho først og fremst veit kva ho ikkje vil. Ho vil ikkje gjera husarbeid, gifta seg, bli sitjande fast i eit borgarleg familieliv.

FORFATTARFIGUR: Pseudonymet Cora Sandel var ein måte å skape seg sjølv på for Sara Fabricius. FOTO: UKJENT, WIKIMEDIA COMMONS

Det finst fleire moglege merkelappar å setja på bøkene om Alberte. Utviklings­roman, danningsroman, kunstnarroman. Det er sant at mange forfattarar har eit særleg nært forhold til Alberte-figuren, og det er lett å tenka at det er fordi det er ei forteljing om å bli eit skrivande menneske som samlar erfaringar og ord – og etter kvart mot nok til å få dei ned på papiret. Men eg trur det er ei for enkel forklaring. Eg trur tiltrekningskrafta snarare handlar om at Alberte er ein utprega litterær figur. Ho er skriven. Ein kollega som også set Cora Sandels forfattarskap høgt, kommenterer at ho er som Heathcliff i «Stormfulle høgder». Det er kanskje mogleg å laga film av bøkene, men det er ikkje mogleg å overføra det som gir karakterane kraft, det som gjer dei uimotståelege. Det blir noko anna.

Nakne livet

Korleis er så Alberte skriven? Ømt, lett, presist. Klart og nært, men ikkje nærsynt. Forteljarsynsvinkelen er tett på Alberte, men veit meir, ser henne også delvis utanfrå. Alberte blir avslørt i all si menneskelege utilstrekkelegheit, men det er ei empatisk form for avsløring. Romanen har nokre kontrastpar som går igjen: Livet til Alberte bølgjar mellom kulde og varme, mellom det stivna og det frie, mellom å vera knuga av lagnaden og å kjenna den seige styrken til å forma sitt eige liv. Fleire gonger blir Alberte redda av ei sterk livskraft når ho er i ferd med å gå under.

Ett har hun. Nakne livet. Det er hendes endnu, hendes – det banker og hamrer gjennem puls og hjerte, sitrer i alle muskler. De fik ikke drevet hende på sjøen, skal ikke få det. Noget reiste sig i hende dernede i iskulden som krøp op om kroppen. Det var ubændig redsel men det var også noget blankt og hårdt, en rasende motvilje.

Dette utdraget mot slutten av «Alberte og Jakob» peiker fram mot neste bind. Faktisk vurderte Sandel sjølv å kalla andre bind «Nakne livet» (ho var også inne på «Livets seilas»). «Alberte og friheten», som romanen heldigvis blei heitande, står for meg som det sterkaste av dei tre binda. Eg trur det har å gjera med at den innhaldsmessige utvidinga – det at Alberte dreg ut og vekk frå småbyen i nord og til eit større og meir uføreseieleg tilvære i Paris – pressar fram ei friare og meir impresjonistisk form. Heile trilogien er kjenneteikna av punktvise nedslag i tilværet, korte og lengre scener, tydelege miljøskildringar. Cora Sandel var sjølv målarinne før ho blei forfattar. Ho fekk aldri noko større gjennombrot, men når eg les om Albertes vandringar i Paris, om lyktene i skumringa, venner samla på ein uterestaurant, om mimosa, sigarettar, ein sliten sommarkjole, då tenker eg at Sandel i skrifta kunne bruka alt ho visste om korleis verda ser ut, korleis skuggar fell og skapar liv, korleis fargar virkar saman, ja, korleis ein komponerer eit bilete. Kanskje blei ho først fullt ut biletkunstnar gjennom å skriva bøkene sine?

Handling og oppbrot

Å skriva prosa handlar alltid om å forvalta tida som går, men eg vil argumentera for at dei romlege kvalitetane er like viktig som tida i bøkene om Alberte. Slik sett er det heller ikkje tilfeldig at dei tre binda så tydeleg føregår på kvar sine stader: Første bind i småbyen i nord, andre bind i Paris, tredje bind hovudsakleg i Bretagne og på den norske landsbygda, dit Alberte dreg med mannen Sivert og den vesle sonen ho har fått med han.

«Livet til ­Alberte ­bølgjar ­mellom ­kulde og varme, mellom det stivna og det frie.»

For Alberte er vegen fram til det skapande arbeidet lang. Jo, allereie som ung kvinne skriv ho små vers, og gjennom åra i Paris skriv ho ikkje berre «korrespondenser» til norske aviser når pengemangelen er akutt, ho skriv også nattlege notat på små lappar som ho samlar i ein koffert. Men sjølvtilliten er låg og motstanden er sterk – også motstanden mot å ta si eiga skrift på alvor. I det tredje bindet, «Bare Alberte», er det som om Alberte blir tvungen til å ta konsekvensen av det livet ho har levd og dei vala ho har teke fram til no. Skrifta og barnet. Mannen som ho ikkje lenger elskar. Livet lukkar seg liksom om henne, men pressar også fram handling og oppbrot.

Alberte-trilogien tilhøyrer dei bøkene eg har vendt tilbake til med ujamne mellomrom i det lesande livet mitt. No ligg dei tidlegare leseopplevingane i lag. Når eg blar om er det ikkje berre Alberte eg møter, men også meg sjølv i tidlegare versjonar.

Gjenlesingas trøyst

Ein dag i Paris dukka det opp ein baltisk biletkunstnar i atelieret ved sida av mitt. Han var oppsøkjande, han banka på, han ringte meg på fasttelefonen i atelieret, det var avgjerande for han å dela med meg at den japanske etterretninga og fleire andre var ute etter oss. I ettertid har eg diagnostisert han med ein aldri så liten psykose, men eg veit ikkje om det hadde hjelpt meg å tenka det då. Redd og forstyrra blei eg uansett av intensiteten hans. Og eg som nesten alltid får sova, eg låg vaken og lett forskremt i senga medan lysa frå elvebåtane segla over veggene i atelieret. Etter kvart forstod eg at det var like bra å halda meg vaken, ikkje prøva å sova gjennom skrekken og irritasjonen. Eg trong selskap. Utvalet av bøker i den vesle bokhylla var begrensa: Nokre av «Min kamp»-binda til Knausgård, ei bok om ei amerikansk kvinne som flytta til Paris og lærte seg å laga fransk mat – og Alberte-trilogien i svensk utgåve. (Seinare har eg lært at mange svenske lesarar ser på Cora Sandel som svensk og Alberte som ein del av den svenske litteraturhistoria.) Eg las alt saman. Eg henta kald sjokolade frå kjøleskapet. Denne gongen viste Alberte-bøkene meg ikkje berre gjenlesingas trøyst, det å få venda tilbake til ein plass det er godt å vera. Det var først og fremst dette: At eg ikkje kjente meg aleine når eg hadde henne, når eg hadde Alberte slik ho står fram gjennom Sandels ord. Uferdig og open, klønete og vrang, på veg. Alt eg ønskte meg var nokon å dela nettene med, nokon som kunne seia meg noko sant om livet. Om natta streifa eg i bøkene, om dagen sov eg og streifa gjennom byen.

Romanhender

Når eg no les bøkene om Alberte på ny, meir enn ti år etter Paris-opphaldet, festar eg meg særleg ved ein scene tidleg i «Alberte og Jakob». Alberte sit saman med nokre venninner, dei har te i koppane og sytøy mellom hendene. For ein gongs skuld er ho varm og glad, det er eit lite friminutt i livet. Også tanken kan røra seg friare i denne stunda.

«Desse romanhendene vil ikkje sleppa taket i meg.»

Hun lar arbeidet synke og sitter og ser på sine hænder. De er ikke hendes længer. Hendes er blårøde hverdagshænder, som mamma kaster opgitte blik på og ber hende holde under bordet – dette er to romanhænder, hvite og lange, litt store, litt skrubne, men pene. Hun kan ikke la være at synes, at de er pene, der de ligger i hendes fang, gjennemsiktige i skindet med blå årer og svakt lyserøde knoker. De tilhører en god bekjendt, som bare Alberte kjender – en glad og vakker og sorgløs pike, som går usynlig ved siden av hende, som ingen ser uten hun, men som lever med et intensere liv end nogen synlig skapning. Som kan alt, håber alt og ikke frykter nogen eller noget, ikke engang mamma – og hvem alt er gitt, frihet, glæder, pene klær. På Albertes ensomme færder hænder det, at den sorgløse piken sletter hende ut, materialiserer sig i hendes sted, blir Alberte, men det er et mirakel som ikke tåler vidner. Så fort et levende liv toner frem, går forvandlingen tilbake.

Desse romanhendene vil ikkje sleppa taket i meg. Alberte er ei lesande ung kvinne, ho søkjer ofte tilflukt i bøkene. Og når kvardagshendene hennar i ein avslappa og lukkeleg augneblink blir forvandla til lange, pene hender knyter ho det til nettopp dette, til skjønnlitteraturen, ei anna slags verkelegheit. Det finst ein friare og tydelegare versjon av henne enn den ho til dagleg lever i småbyens knugande hierarki. Ei fiktiv, men levande Alberte ho sjølv har skapt, ei Alberte som er sorglaus og pen. Iblant er jenta med romanhendene så sterkt til stades i henne at ho utslettar den forknytte jenta verda tek henne for å vera. Men peiker ikkje romanhendene også mot fiksjonen i romanen, mot litteraturen som veit at han er litteratur? Hendene ser ut som hender som blir sett på, hender slik dei framstår i ein roman.

Parisiske bakvegar

«Alberte og Jakob» handlar mykje om forholdet mellom dei to søskena i tittelen. Der Alberte trass stor indre motstand ofte endar opp med å underordna seg og langt på veg oppfylla både foreldra og det vesle bysamfunnets forventingar til ei ung kvinne av hennar stand, gjer broren Jakob meir synleg og direkte opprør. Han har upassande venner, han gjer det dårleg på skulen, han vil vekk og ut for å skapa seg eit eige liv, bygga det med sine eigne hender. Gå til sjøs, legga seg opp pengar, kjøpa ein bit land i Canada. Til slutt reiser han. Men kva er det Albertes romanhender kan, kva slags liv skal ho bygga seg med dei?

I «Alberte og friheten» er me langt vekke frå kulda og det mørkeret i nord. Alberte har kome seg vekk ho også, ho har kome til Paris. Her er ho fri og aleine og heimefrå, ho hankar seg fram i tilværet gjennom det ho kallar bakvegar; ho står modell, underviser litt fransk, sender no og då ei Paris-skildring heim til norske aviser. Korleis kom ho seg av garde, kva gav henne kraft til å bryta opp, til å bryta med foreldras stramme grep om fridommen hennar? Det svarer ikkje romanen på før heilt mot slutten. Eller er det eit svar? I tilbakeblikk får me fortalt at foreldra døydde i ei tragisk ulukke saman med fleire andre då ei morken trebrygge raste ned i sjøen midt på vinteren. Det er slektningar av Alberte som etter dette samlar i hop pengar slik at ho får dra til Paris for eitt år. Sidan er ho på eigne bein blant dei fattige kunstnarane som utgjer omgangskretsen hennar. Då eg diskuterer Alberte-bøkene med ein venn som nyleg har lese trilogien på ny, seier ho at ho synest det er ei feig løysing av Sandel. Ta livet av foreldra og vips, så har det store hinderet forsvunne. Og det er utvilsamt sant at Sandel sparer både seg sjølv og Alberte for ei svært ubehageleg oppgåve når ho ikkje let Alberte gjera arbeidet med å frigjera seg frå foreldra og småbyens klaustrofobiske krav. Ei slik frigjering tenker eg at Cora Sandel må ha visst eitt og anna om, ho som sjølv drog til Paris medan faren enno levde. (Mora døydde nokre år før avreisa.) Viss eg skal spekulera, kan det kanskje vera nettopp derfor ho ikkje skriv det ut, men vel ei enklare og meir absolutt, tragisk løysing i romanen? Eit kunstgrep: eit hogg gjennom den gordiske knuten Albertes ufrie liv er bunde fast med. Sandels skrivande hender formar teksten slik dei vil, slik dei kan. Eg aksepterer den drastiske løysinga ho vel, men når den danske matematikaren Alberte forelskar seg i, også døyr brått i ei ulukke, synest eg nok at ho har brukt opp dette deus ex machina-grepet.

Men det finst også eit anna aspekt. Når det ytre frigjeringsarbeidet får mindre plass, er det noko som får meir: Nemlig korleis historia hennar virkar i kropp og sinn, sjølv om Alberte har rørt seg langt vekk frå oppvekststaden og dei reglane som styrte livet hennar der. Ho er friare i Paris, utan tvil, men usikkerheita og kjensla av å vera mindreverdig, klønete, ikkje ha nokon retning, det forsvinn ikkje med eit knips. Ufridommen handlar ikkje berre om dei ytre omstenda, det er noko djupare, meir komplisert, det er noko som bur i kroppen hennar. Ho er forma av å veksa opp som kvinne i akkurat denne tida, denne sosiale klassen, denne familien. Ho er forma av bli kalla stygg, og ikkje minst er ho forma av skrekken for å bli gravid. Ikkje alt blir fortalt direkte, utlagt med årsakssamband, men alt finst i måten hennar å røra seg gjennom livet på.

Kvinna og verket

Ein del av dei som skriv om henne, er nøye med å skilja mellom namna Sara Fabricius og Cora Sandel. Det første er namnet ho fekk som lita, det andre er pseudonymet ho tok som forfattar i vaksen alder. Men for meg, som for mange lesarar av Alberte-trilogien, er det umogleg å tenka på kvinna bak verket som noko anna enn Cora Sandel. Det er som forfattar ho betyr noko for meg. Og kan ikkje dette seiast å vera eit verkeleg vellukka pseudonym, så tydeleg at det nærmast sluker det opphavlege namnet? Det å velja sitt eige namn trur eg også er knytt til sjølve skapings­prosessen for Sandel. Forfattaren skriv tekstane sine, men forfattaren skapar også seg sjølv, den figuren som kan senda tekstane ut i verda. Pseudonymet er beskyttelse og anonymitet, men det er også eit aktivt grep, ein måte å ta hand om seg sjølv og verket på.

I Paris har eg opplevingar eg tenker på som Alberte-aktige. Når eg kjøper peonar og ferskenar på marknaden. Når eg er modell for ein av dei andre norske kunstnarane. (Det er noko med at eg skal vri heile kroppen inn i ei beige strømpebukse.) Når den tyske målaren seier til meg: «Du kan lika det du liker. Du treng ikkje å forsvara det.» Men det finst også noko anna, noko større, ein Alberte-visdom som følgjer meg gjennom tida: Hald fast i at det er noko du ikkje vil, til slutt vil det hjelpa deg å forstå kva du verkeleg ønsker deg. Sei sanninga – og gi form til verkelegheita på din eigen måte.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Bokmagasinet

Kommentar

Samtids­poe­siens former har sine røtter i forrige århundres krigs­er­fa­ringer.

Anmeldelse

Hunden har vært med oss i årtusener. «The Dog’s Gaze» viser hvordan det har preget kunst­his­to­rien.

Månadens poet

For Joakim Kjørsvik kan ein augeblink seie mykje om eit liv.