Solveigs salt

Flittige hender

Det er arbeidet som held dronninga av Sparta gåande.

I Christopher Nolans film «The Odyssey» blir den skjønne Helena behandla bryskt og brutalt av ektemannen sin, kong Menelaos, som ho er tilbake hos etter sidespranget med prins Paris i Troja. Hos Homer held ho hoff heime i Sparta, og når ho klandrar seg sjølv for å ha sett i gang Trojakrigen, seier Menelaos at det skal ho ikkje bry seg om, for alt saman var gudane si skuld. Han har elles all grunn til å halda seg inne med dronninga si, for ho er dotter til Zevs, og som svigerson vil Menelaos sleppa å fara til Hades når han døyr, slik alle andre menneske må. I staden skal han få følgja med Helena til Elysion.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Mannlege kjensler

Den som lagar film av gamal litteratur, har høve til å visa eit stort publikum både korleis sed og skikk skiftar, og korleis menneskehjartet er likt seg sjølv til alle tider. Men dersom det bryt for mykje med det me er vande med å sjå, vil ingen vil kjøpa billett. Derfor har alle amerikanske filmar med handling frå oldtida heilt sidan «The Ten Commandments» frå 1956 til «The Odyssey» sytti år seinare servert oss stive overlepper i staden for bankande hjarte. Det er ikkje så mykje fordi det ikkje finst ekte mannfolk lenger som for at kjønnsrollene har endra seg så radikalt at det som var normalt for tre tusen år sidan, har blitt tabu no. Brad Pitt kunne vore ein herleg Akilles i «Troy» frå 2004 dersom han hadde fått lov til å vera ulukkeleg forelska i slaven sin, og klaga si hjartans naud til ei mor som var ei evig ung djuphavsgudinne med sølvføter i staden for ei aldrande Julie Christie som gjekk og vassa inne på grunna. Like eins ville Matt Damon fint greidd å løfta fram den omskiftelege Odyssevs om han hadde fått krypa opp på stranda dagen før prinsesse Navsikaa kom køyrande med ei tospent muldyrvogn full av skitne klede. Men eit kinopublikum av i dag ville nok ikkje ha godteke at Penelope oppførte seg like omsynslaust og egoistisk overfor den einaste son sin som ho gjer hos Homer, der ho vinn ære på hans kostnad fordi ho er så flink til å ta vare på seg sjølv.

Lystne gudinner

Opp gjennom åra har eg sett fleire oppsettingar av Peer Gynt enn eg har tal på. Alle har prøvd å tolka denne Ibsen-klassikaren på sitt eige vis, som den ikkje særleg originale vrien med å gjera den grønkledde dotter til dovregubben, den rike Ingrid og den arabiske Anitra til ei einaste vulgær freistarinne. Langt meir treffsikker var ei førestilling på Torshovteatret som slo saman den skitne grønkledde med den reine Solveig. Enten Ibsen hadde tenkt det sjølv eller ikkje, med eitt var det ikkje lenger noko mysterium kvifor Peer stikk av nett i det ho vil inn i hytta og elska med han. Feilen med Odyssevs-filmen til Christopher Nolan er at han snur opp ned på personane i den homeriske forteljinga på ein måte som rotar til samanheng og framdrift. Han gjer den sjølvsentrerte Penelope til eit ansvarleg samfunnsmenneske og den griske ektemannen hennar til ein molefonken actionhelt, og i staden for dei musikalske og sensuelle og gudinnene som dominerer over Odysses i åtte av dei ti åra mellom krigen om Troja og heimkomsten til Itaka, kjem han dragande med ein snill terapeut og ein frustrert feminist. Kirke, som i filmen jamrar seg over mannlege overgrep mot kvinner, har bukta og begge endane hos Homer. Ho bur i eit flott steinhus på ei skogkledd øy, og syng så det ljomar mens ho står ved veven og skaper fin tekstilkunst.

Alltid like dum

Omslaget på «Trump og filosofene» er ei satirisk teikning av Marvin Halleraker på grunnlag av «Tenkeren» av den kjende bilethoggaren Auguste Rodin. I staden for ein traust arbeidsmann som sit og funderer på ein stein, sit der ein vrang og gretten Donald Trump på klosettet, ute av stand til å skilja mellom privat og offentleg og full av skit som han er. Boka er skriven av Lars Fr. H. Svendsen og har undertittelen «Hvordan et studium av historiens minst filosofiske mann kan lære deg forbløffende mye om filosofi». Heile førti meir og mindre kjende tenkjarar frå Platon til Richard Rorty er blitt vekte til live for å vurdera prestasjonane til presidenten i USA som statsmannskunst. Som ventande er, dumpar Trump same kva karakterskala han blir mælt mot.