Ken Jackson har delt denne artikkelen med deg.

Ken Jackson har delt denne artikkelen

Bli abonnent
DebattTerror

Svennebys metode

I Berlin i helga skjedde det att. Eit nytt terroråtak, på skeive, av ein islamist.

Ola Svenneby klarte ikkje å venta i 48 timar før han bestemte seg for å bruke offera til å gå til åtak på dei politiske motstandarane sine.

Enno verre er at åtaket hans er usant. Han hevdar nemleg at venstresida ikkje snakkar om ideologien til angrepsmannen, at det er «berøringsangst» for emnet. Eg forstår at dette kan vera vanskeleg å forstå for ein som er fødd i 1997, men me har faktisk hatt denne debatten gjennomgåande, heile livet hans, og meir enn halvparten av mitt eige. Sidan 2001 har me kontinuerleg snakka på inn- og utpust om islamistisk terror. Me har gjennomanalysert hadithar og surer, me har diskutert koranskular og madrasaer og moskear, me har overvakt og fengsla og førebygd som best me kan.

Når eit terroråtak skjer er det faktisk utgangsposisjonen, både for høgre- og venstresida, at det er islamistar som står bak. Dette har blitt så normalisert at me vert overraska når det ikkje er islamistar som er gjerningspersonen.

Det var òg utgangspunktet den 22. juli, 2011. Me har gløymt det i etterkant – eller, det er vel rettare å seie at me skuldbevisst har feia det under teppet – men i spennet mellom at bomba gjekk av i regjeringskvartalet og Breivik vart arrestert på Utøya, så vart umiddelbart koplinga gjort til islamistisk terror. For det er islamistar me automatisk tenker på.

«Sidan 2001 har me snakka på inn- og utpust om islamistisk terror»

Og kvar gong islamistar har utført åtak, så har fordømminga frå venstresida vore absolutt og unison. Berøringsangst? Me har vore krystallklare på at dette høyrer ikkje heime nokon stad, i noko samfunn. Svenneby veit dette. Sjølvsagt veit han det. Han kan ikkje vera så dum at han ikkje veit det.

Men det er så mykje enklare for han å seie at venstresida aldri diskuterer dette. At me ikkje vil ta i det. Til trass for at historia viser det motsette og at Svenneby, som eg antek er eit normalt opplyst menneske, må vita betre.

Arbeidarpartiet kunne, etter 22. juli, ha brukt åtaka på partiet, og offera, som ei slegge mot dei politiske motstandarane sine, både til høgre og til venstre. Det gjorde dei ikkje, av di dei har ei kjensle av anstendigheit og grunnleggjande respekt for offera. Og trass i snakk om «Utøya-kortet» har dei har aldri gjort det i dei 15 åra etter.

Ola Svenneby? Han klarte ikkje å venta i to heile døgn ein gong før han gjorde offera i Berlin til politisk staffasje, og tok opp den slegga med begge hender.

Det seier noko om mannen. Og det seier noko om partiet som har ein sånn person som nestleiar.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Debatt

Klima og miljø

Nei til olje i arktis

Denne uken er det duket for FNs naturtoppmøte COP17 i Armenia. Her vil Norge trolig holde en vakker tale om viktigheten av å ta vare på vår sårbare natur. Men på hjemmebane skjer det stikk motsatte. Her fortsetter regjeringen sin aggressive oljepolitikk og deler ut stadig nye letelisenser i våre aller mest sårbare og verdifulle havområder i nord – ved iskantsonen, nær kysten og i viktige fiskeri- og sjøfuglområder nord for polarsirkelen. Områder som sårt trenger vern. Klimaendringer legger allerede et stort press på dyrelivet i Arktis.

Rødt

Svar til Lars Borgersrud

Lars Borgersrud skriv 21. oktober om Raudt Oslo sitt nominasjonsmøte. Han trekk fram mangelen på debatt om Ukraina, og skildrar song frå unge medlemar som ei «markering mot Raudt». Som fylkeslaget si øvste leiing ser me oss nøydd til å svara. Borgersrud har rett i at støtte til den ukrainske motstandskampen ikkje tok noko plass i debatten. Detta gjorde heller ikkje anna nasjonal politikk, som til dømes partiet sitt syn på havvind. Snarare var debatten prega av lokalt arbeid for kampen mot skilnads-Oslo.

Statens pensjonsfond utland

Pensjons­fondet skal forvaltes ansvarlig

I Klassekampen 24. oktober kritiserer Hans Petter Graver etikkutvalgets forslag om å endre kjernevåpenkriteriet. Utvalget foreslår å åpne for at Statens pensjonsfond utland kan investere i selskaper i allierte kjernevåpenstater som produserer kjernevåpen eller sentrale komponenter til slike våpen. Graver, som ledet utvalget som foreslo kriteriet i 2003, er også kritisk til argumentene etikkutvalget bygger forslaget på. Det er naturlig at utredningen fra etikkutvalget skaper debatt. I forslaget til statsbudsjett for neste år legges det opp til å bruke over 600 milliarder kroner av avkastningen av fondet. Mer enn hver fjerde krone av statens utgifter til blant annet pensjon, trygd, sykehus, skole, forsvar.