Teater

Konfliktar på mange nivå

«Streik!» er eit underhaldande musikkspel som på velspela vis dokumenterer Folldalsstreiken, ein av landets mest langvarige arbeidskonfliktar.

TO LINER: Den sindige fagforeiningsleiaren Ole Beck (Arne Olav Vårtun) og den meir uforsonlege nestleiaren Einar Kvennom (Christoffer Masters) var ikkje alltid like samde om strategi og kampmiddel. FOTO: AMUND GRIMSTADTO LINER: Den sindige fagforeiningsleiaren Ole Beck (Arne Olav Vårtun) og den meir uforsonlege nestleiaren Einar Kvennom (Christoffer Masters) var ikkje alltid like samde om strategi og kampmiddel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

STREIK!

Spel i Folldal, Plana ved Folldal Gruver  Idé, manusutkast og musikk: Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen

Regi og manus:  Sandra Bringsjord Pape  Scenografi: Siri Lien 

Orkester: Erlend Tredal, Ester Thunander, Astrid Garmo og Vegard Staum

Med: Erlend Rødal Vikhagen, Christoffer Masters, Signe Dorthea Krohn Gjessing, Mads Gukild, Håvard Moe og femti lokale statistar

Høgt til fjells, grensande til Rondane og Dovrefjell, ligg den karrige vesle kommunen Folldal. På midten av 1700-talet blei det funne malm, og i 1748 starta det opp med gruvedrift. Etter ein konkurs i 1878 gjekk engelske investorar inn og tok opp att drifta i 1903. Den berre 25 år gamle ingeniøren Worm H. Lund blei tilsett som direktør. Han var ein dugande gründer som fekk eigarane til å investere og bygge ut, nesten over evne. Men Lund hadde inga forståing for fagorganisering, nekta å melde gruva inn i Bergverkernes Landssammenslutning, og difor blei det heller ikkje nokon tariffavtale. Tidleg på 1920-talet gjekk arbeidarane til ein eittårs streik som det kom lite ut av. Men ettersom lønsnivået i Folldal var mykje lægre enn i gruvene elles i landet, låg misnøya latent,

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Teater

Opera

Orfeus i un­der­ver­denen

Velspela, underhaldande og heilakustisk opera i friluft, høgt til fjells og med kulturlandskapet som scenografi.

Teater

Trollet og bukkene Bruse

Artig vinkling, men ei litt for omstendeleg historie.

Teater

The Chekov

«The Chekov» minner meg på hvor mye jeg har savnet å se performanceteater.