Publikum har stussa over meining og bodskap i Matias Faldbakkens torgskulptur «En opprettholdelse», jamfør Aftenposten 11. juli 2026.
Bodskapen i tittelen er at det som var, held fram, og som ved stålriggen i dette tilfelle, blir halde oppe. Den overveldande riggen fortel at det som her held fram, er svakt og skjørt. Her trengst stålmarkering.
Bodskapen om veikskap er totalt kringsett og innelukka i stålriggen. Mosaikk-teikninga av vadefuglar i front er sentralbodskapen. Folk som kjenner fuglelivet i Tyrifjorden, kan finna geografisk kontekst og kanskje historisk kontekst: Utøya 22. juli. Baksidemåleriet er i blodraudt og blått, politiske hint.
Er der to vadefuglar? Eg ser ein vadefugl som speglar seg i ein vasspegel. Det er eit velkjend motiv i myte og kunst: Narkissos som ser og forelskar seg i sitt eige spegelbilde. Mosaikken viser ein veldig, men vaklevoren vadefugl. Storleiken får fram dimensjonen i sjølvforelskinga. Teikninga viser ingen levande vadefugl og ein annan i dødsriket, uttrykk for tap og sorg. Symmetri og harmoni held oppe sjølvforelskinga som det nasjonale minnesmerkets sentrale bodskap. Er der ein veikskap som treng riggens sterke brynje? Og kva er så meininga? Den kan vera at sjølve sjølvforelskinga både skal dekka over og avsløra opprettholdelsen av svakhetane i det norske demokratiet som botn for terrorangrepa 22. juli 2011.
Litt av ein bodskap på maktas heimgrunn. Genialt.
«Litt av ein bodskap på maktas heimgrunn»
Det må vera dei dominerande riggbrillene som hindrar publikum i å gjenkjenna det velkjende Narkissos-motivet: sjølvforelskinga. For slik kan opprettholdelsen av svakheten i sjølvforelskinga gå mange hus forbi, alt minnesmerket varslar om og verjar mot, på så mange måtar – jamfør NOU 2012:14, Gjørvkommisjonen:
- Den svake beredskapen 22. juli 2011, Grubbegata kunne vore stengt.
- Den svake redningsaksjonen på Utøya, liv kunne vore spart.
- Den svake politiske og offentlege orsakinga.
Den rå og djupe bodskapen i det nasjonale minnesmerket demonstrerer ein opprettholdelse av styresmaktenes sjølvforelsking som kunne gi terroristen rom og kosta 77 menneske livet.
I den nedste stålbjelken i riggen er namna på dei drepne gravert inn. Dei ber byrda av «En opprettholdelse.»
