Då reinhaldsfirmaet Fette Reint AS i Tromsø vart stifta seinhaustes 2020, fekk eigarane ikkje lov å registrera det i Brønnøysundregistera. Grunngivinga, basert på ei fagleg vurdering frå Språkrådet, var at namnet var støytande og kjønnsdiskriminerande. Dette protesterte firmaet på og meinte at fette er eit nøytralt forsterkande ord i nordnorsk som heng saman med ‘feitt’ snarare enn ordet for det kvinnelege kjønnsorganet. Saka fekk stor merksemd i media, og både eg og andre språkvitarar stilte oss på Språkrådet si side og peikte på korleis den utbreidde lågninga av trykksterk kort [i] til [e] i nordnorsk (jamfør. fisk → fesk) var hovudforklaringa på kvifor ein hadde forma fette.
Men ei stund etterpå – då støvet rundt Fette Reint hadde lagt seg – endra eg meining. Det er alt fleire år sidan, og i mellomtida har eg undersøkt spørsmålet meir grundig, noko som har resultert i ein vitskapleg artikkel publisert i siste nummer av Maal og Minne (nr. 1, 2026), ope tilgjengeleg på nett for alle som måtte vera interesserte.

I artikkelen ser eg fette i samanheng med eit generelt semi-produktivt mønster for å laga forsterkarar i nordnorsk der ei einstava ordstamme etterfølgd av suffikset -e: steike, søkke, peise, hakke, ise, steine, skite. Og jamvel om adjektivet feit har uttalen [feit] i nordnorsk – altså med diftong – er uttalen av både substantivet feitt og nøytrumsforma av adjektivet [fetː] (eller [fecː]), det vil seia med monoftong. Det følgjer av ein generell regel i nordnorsk der diftongar vert forenkla framfor lang konsonant og konsonantsamband. Eit anna døme er at verbet steike får monoftong i preteritum og partisipp: stekkte/stekkt. Såleis kan ein nordlending ta substantivet feitt – uttalt «fett» – og leggja til ein -e, og vipps så har han forsterkaren fette!
«Dei skal ha takk for at dei stod på sitt»
Det som ikkje står i artikkelen, er at det var binsjinga mi av den svenske gangsterserien Snabba cash som sette meg på sporet. I ein episode fall brått replikken «Fett snygg bil du har!». Og den bruken av fett i svensk kan på ingen måte koplast til fitta. Det byrja å kverna i hovudet mitt. Kunne påverknad frå svensk slang ha vore ein katalysator for framvoksteren av forsterkaren fette i nordnorsk?
I tid synest ordet å ha vorte ganske vanleg i nordnorsk ungdomsspråk på byrjinga av 2000-talet. Rapparen Joddski kom med låta Fette najs i 2010, og nettopp den frasen vart gjord enno meir kjend av artisten Bilal Saab då han deltok i – og vann – musikkonkurransen Stjernekamp i 2019. Skrivemåten najs tilseier også eit samband med svensk og er faktisk litt meir vanleg enn den meir norske stavinga nais. Det er mykje meir å seia om temaet og meir og undersøka òg.
Fette Reint AS skal ha takk for at dei stod på sitt. Dei fekk medhald frå Næringsdepartementet på klagen sin og lov til registrera seg i BrReg. I dag verkar det rett nok som at hovudaktiviteten deira er å selja klesprodukt påtrykt ulike saftige nordnorske gloser heller enn vaskemiddel og andre kjemiske produkt. Men det er berre fette nais!


