I internasjonal presse er det blitt hevda at krigen mot Iran kan bety slutten på petrodollarsystemet og dermed svekke USAs økonomiske makt. Ordet petrodollar skriv seg frå at USA (som ei følgje av oljekrisa) i 1974 gjorde ein uformell avtale med Saudi-Arabia om at all oljeeksport skulle bli fakturert i dollar og dollaroverskota primært bli brukte til kjøp av amerikanske obligasjonar. Som motyting skulle USA eksportere våpen og garantere for Saudi-Arabias tryggleik. Dette konseptet vart spreidd til dei andre oljeeksportørane i Gulfen. Russland (Sovjetunionen), Venezuela, Iran, Irak og Libya var ikkje med på dette opplegget.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn



