Gunvor Nervold Antonsen har delt denne artikkelen med deg.

Gunvor har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Langdikt

Rett på

Boka til Gunvor Nervold Antonsen er ein ­provokasjon mot den finlitterære tradisjonen.

Multikunstnar: «I meg finnes du» inneheld ein serie foto av same kunstnar. Foto: Gunvor Nervold AntonsenMultikunstnar: «I meg finnes du» inneheld ein serie foto av same kunstnar. Foto: Gunvor Nervold Antonsen

Gunvor ­Nervold ­Antonsen

I meg finnes du

H/O/F 2026, 126 sider

Dette økokritiske langdiktet av Gunvor Nervold Antonsen inneheld ei vakker innleiing, følgt av to provokasjonar. I opninga møter me eit «jeg» som er allnaturen, korkje meir eller mindre. Denne naturen talar til eit «du» som er eit konkret menneske, ein naturdyrkar kan ein seia, som nyt å ferdast i skog og mark. Den naturen som fører ordet her, ser verda frå eit perspektiv som er erotiserande, kvinneleg og mottakande. Og her er vakre, ekstatiske skildringar av energien som gjennomstrøymer alt.

Språkleg er det påfallande mange opphopingar av sidestilte fenomen i beskrivinga av allnaturen:

Du glir over meg/ legger deg inntil/ sklir, skrever/ over alle vindfall, rotveltur, snøknekte tåppær, stuvær, tyritre, låstur,/ læger og gadd/ alle klynger og vaser med sammenfalt tørrgran, løse bjørkeflak/ alle klissete duftende seig kvae/ kravler opp og ned/ bøyer deg inn og ut/ av sammenfiltrede floker med billedrept gran

Det me møter i dette sitatet, er ei skildring av sambandet mellom mennesket og naturen ikkje som ein enkel motsetnad, men snarare som eit flettverk, eller «mesh», som økoteoretikaren Timothy Morton kallar det. I og med at forfattaren har valt orda «vaser» og «sammenfiltrede» reknar eg det som sjølvsagt at dette er ein medviten strategi frå hennar side. I skildringa av verda nyttar ho slike opphopande oppramsingar av fenomen for å peika på desse uklare, samanvovne relasjonane, og då i dialog med Mortons teori.

I den siterte sekvensen er det òg ei gliding frå bokmål til dialekt og tilbake att. Slike er det mange av i boka, og dei fungerer, slik eg oppfattar det, som ei understreking av sambandet mellom det som er ein stad og det som er over alt. Me er i Numedal, og me er i den levande planeten, i Gaia.

Etter opningsdelen, ‘Vårn’ følger så ‘Såmmårn’. Her er det framleis allnaturen som fører ordet. Men nå nærmast som ein allvitande forteljar, som skildrar korleis «du» forsøker å gjera noko, personleg, i det politiske og byråkratiske «landskapet». Det blir sagt at det handlar om Rollag kommune, mellom anna om utval for ‘Næringsliv, miljø og ressurs’, og folk er nemnde, med stillingstitlar som ordførar, rådmann, rekneskapsførar og så bortetter. Så her er me inne i det heile lokale. Og diktet inneheld forslag til konkrete tiltak for å verna naturen.

«Diktet inneheld forslag til konkrete tiltak for å verna ­naturen.»

Det er opphopingar her òg, av natur, men ikkje minst av ord for byråkrati, som i oppramsinga av «kortsiktige inntekter, attraktivitetsvisjoner, turismelyst og ROBEKredsel,/ vekst og næring, villvardebygging, karbonavtrykk og bolysttæring/ infrastrukturpress, økt forbruk, mer og mest».

Provokasjonen ligg, eg hadde nær sagt sjølvsagt, i at forfattaren skildrar byråkratiet der ho bur, og peikar på ansvaret deira. Men det ligg òg i det å skriva «beredskapslyrikk», der ein konkret nemner politiske avgjerder som må fattast, og manar folk til kamp. Dette har vore temmeleg tabu i alle fall sidan den politiske litteraturen på 1970-talet gjekk av moten. Øko­poetane har vore flinke til å gjera estetikk av miljøspørsmåla, slik at det blir avanserte kvalitetsdikt som samstundes seier noko viktig, om enn indirekte. Men Antonsen går rett på. I langdiktet hennar finn me ei liste på 15 konkret tiltak for Rollag kommune, der ho altså har referert til konkrete embedsmenn, «så alle får kjenne på det personlige ansvaret/ det lokalkommunale bidraget». Dette er ein provokasjon, både mot lokalsamfunnet og mot den finlitterære tradisjonen.

Den tredje delen, ‘Høstn’, inneheld det ein med referanse til Dag Solstad kunne kalla «det uoppløselige lyriske element i Numedal». Dette er ikkje lenger setningar, men ei einaste lang rekke med stadnamn. Og dei er ikkje stilte opp på liner, men snor seg rundt på sidene som ein lang veg eller sti på eit kart.

Med utgangspunkt i Mortons tanke om flettverk kan ein gjera seg tankar om korleis det å gå på stiar og gi plassar namn er ein menneskeleg aktivitet, samstundes som desse namna vitnar om korleis denne aktiviteten oppstår i samverknad med landskapet. Samanveving av menneske med omgjevnad ser ein til dømes når ein kjem til «Ørmhøgg, Den gvite hesten, Buåe, Mesetre, Sølset, Nybru, Fiskeløysen». For nå bare å gjera eit tilfeldig utdrag. Og slik kan ein filosofera, etterpå, om at Fiskeløysen føreset både at det finst folk som fiskar og eit vatn dei fiskar i (om enn forgjeves). Men som dikt er dette temmeleg uleseleg.

Og derfor, nett derfor, interessant. I løpet av langdiktet har me frå eit utgangspunkt i det vakre, i det ein gjerne knyter til lyrikken, rørt oss vidare til provoserande politisk klartale og provoserande meiningsløyse. Og det me har blitt provoserte til, er å reflektera over korleis det nå heng saman, dette flettverket av ei verd me lever i.

Gunvor Nervold Antonsen er multikunstnar. «I meg finnes du» inneheld, i tillegg til teksten, ein serie foto av same kunstnar. På Norsk industriarbeidermuseum på Rjukan er det fram til august ei utstilling av treskulpturar, relieffar, tekstile montasjar og maleri som deler namn med denne bokutgjevinga (meldt i Klassekampen 13. mai). Og ho oppfører òg teksten saman med støyrockduoen Burning Motherfuckers, under utstillingsopninga, mellom anna på Lyse Netter-festivalen i Moss i juni.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Bokmagasinet

Essay

Blir forfat­teren snart overflødig?

Kommentar

Vagant og Vinduet slår seg sammen – for å gjøre hva?

Blad, blad, blad

Sommer­lek­tyre for rookies.