
Najat El Hachmi
På mandag vil de elske oss
Omsett av Ingrid Melfald Hafredal
Camino forlag 2026, 268 sider
Eg likar bøker med tolkingsrom og undertekst, som kritikarar flest. Så les eg av og til romanar som gir inntrykk av at alt er sagt rett ut, der poenget, både litterært og politisk, er å setje tydelege, tabuknusande ord på erfaringar og forklare kvifor alt gjekk som det gjekk. «På mandag vil de elske oss» av spansk-marokkanske Najat El Hachmi er ei sånn bok. Kva litterære kvalitetar kan det vere i ei slik overtydeleg forteljing?
El Hachmi kom til Spania frå Marokko med familien åtte år gamal, og har etter debuten i 2008 fått fleire prisar for forfattarskapen. Ifølgje forlaget er denne romanen, som Ingrid Melfald Hafredal no har omsett til norsk, ei sjølvbiografisk forteljing.
Det sjølvbiografiske skaper ei lading i teksten som handlar om meir enn kor god eller godt fortalt historia er: Forfattaren får autoritet som sanningsvitne, og oppgjeret ho tar med undertrykkjande strukturar viser veg for nye generasjonar. Mange kan kjenne seg igjen i det strevet Hachmi set ord på i prologen: «På mandag skal vi begynne et nytt liv, vi skal være slik vi bør være, og ikke slik som vi er.»
Langt færre har den typen erfaringar ho skildrar av å stå i krysspress mellom motstridande kulturelle normer.
Den påfølgjande historia har to delar. Forfattaren startar med å skildre tenåra fram til eit altfor tidleg, men sjølvvalt ekteskap, første etappe på flukta frå ein kontrollerande far og ei underkua mor. Andre del tar for seg starten på vaksenlivet og vegen mot eit definitivt brot med den sosiale kontrollen i innvandrarmiljøet i ein fattig forstad til Barcelona.
«Patosen gir teksten eit sterkt driv.»
Mange vil vurdere ei slik bok etter i kor stor grad ho set ord på noko som er gjenkjenneleg og viktig for dei. Slik blir den politiske dimensjonen opplevd som ein kvalitet i seg sjølv. Eg synest vel at boka hadde vore vel så god utan oppsummeringa i prologen, der forfattaren ikkje lar det vere nokon tvil om kva temaet og bodskapen er. Men det finst andre litterære kvalitetar enn det subtile og intrikate.
Fordi Hachmi har formulert heile boka som eit brev til bestevenninna som var hennar allierte i kampen, kjennest teksten nær og personleg. Samtidig fungerer bruken av pronomena «du» og «vi» som invitasjon inn i ein fellesskap. Flinke jenter som har slite seg ut på å leve opp til ei rekkje ofte motstridande krav, finst i alle kulturar, og Hachmi formulerer kva draumen om fridom eigentleg handlar om: Ikkje berre å kunne gjere som ein vil, men å vere god nok og bli elska slik ein er. Med denne litterære forma tar ho seg fridomen å fortelje enkelt og rett fram: Slik var eg, dette hende, dette har eg lært. Faktisk tar forfattaren som litteraturstudent eksplisitt avstand frå symboltung litteratur ein må ha studert for å kunne tolke.
Teksten inneheld mange – for mange – frampeik mot ein tragisk slutt. Det verkelege dramaet her er ikkje lagnaden til dei to venninnene isolert sett, men at tvangen og utbyttinga Hachmi skildrar er vanleg og rutinemessig, strukturell. Difor er det naudsynt å gå i djupna om kva det gjer med henne å ikkje kunne forlate heimen når ho vil, om det audmjukande i å bli vakta på av fedrar og brør, om det forvirrande og forbodne begjæret, om utmattande slankekurar og andre forsøk på å nå umogelege ideal for utsjånad, om fysisk og økonomisk utbytting på arbeidsmarknaden, om romantiske illusjonar som blir knuste og om frustrasjonen i å bli møtt med rasistiske fordommar. Kvinnekroppen er slagmarka, som vanleg.
Hachmi er fødd i 1979. Om nokon skulle ha tvil om kor relevante ungdomserfaringar frå 1990-talet er, så ryddar ho den av vegen heilt i starten: «Vi gikk i kortermet den dagen vi møttes. På den tiden ble unge jenter som viste fram armene fremdeles ikke uglesett i dette nabolaget [ …]». At kravet om tildekking av hår og kropp har blitt strengare, forklarer ho som ein reaksjon på at det i det nye heimlandet ikkje er mogeleg å halde kvinnene innandørs.
Patosen i den tydelege forteljarstemma gir teksten eit sterkt driv. Sjølv om språket er meir prega av forklaringar enn illustrerande scener og symbol, brukar forfattaren også bilete: «Vi merket ikke at vi gradvis viklet oss inn i trådene, at de kneblet oss på ny – ikke før de begynte å stramme så hardt at de skar inn i huden vår.» Igjen er det adjektivet ‘overtydeleg’ som først kjem til meg.
Det er likevel ei eiga glede i å sjå erfaringar bli løfta ut av den ofte motsetnadsfulle og utydelege, kvardagslege livsopplevinga og inn i klårgjerande skildringar og forklaringar ved hjelp av patosfylt retorikk. Det er den same typen glede ein god, politisk tale kan gi. Raseri har ei eiga litterær kraft.



