Eg sleit med å få dagane til å gå. No går det betre. For ei stund sidan kjøpte eg meg ein ny hengelås. Nokre nabogutar hadde brote seg inn i vedskjulet. Dei var på jakt etter heimebrent, men dei som kjenner meg, burde vite betre og skjøne at eg aldri ville ha oppbevart 96-en så tilgjengeleg.