Akkurat nå

Venskap

Venskap er som å tisse i buksa. Alle kan sjå det, men berre du kan kjenne varma. For noko svada. Vener er oppskrytt. I den eine augeblinken klappar dei deg på skuldra. Få sekund seinare skyt dei deg i kneet. Som produktiv kunstnar er eg nøydd til å fokusere på meg sjølv og få ut tankane i mitt eige hovud ned på papir. Dei eg pratar med meiner ofte eg er ein psykopatisk einstøing. Du som er så fæl til å kritisere andre, burde gått ei mil i nokon andre sine sko, var det ein som sa ein gong. Ja vel, sa eg. Da er eg i alle fall éi mil unna når eg skal kritisere han og har i tillegg vedkommande sine sko. Eg hadde ein gong ei kone og nokre born, men den historia vil du ikkje høyre no. Eg kunne ikkje vore meir tilfreds. Toppen av lukke er å ha ein tett og god familie – i ein annan by.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Hva er den lengste elva?

Da jeg et øyeblikk ble usikker på hva som er verdens lengste elv, ble jeg både trist og vonbroten. Hvis jeg hadde fått spørsmålet som niåring, ville jeg ha himla med øynene. Nå innser jeg derimot at helt grunnleggende allmennkunnskaper er i ferd med å sildre ut av hjernen min i små bekker. Samtidig sitter totalt meningsløse ting klistra fast. For eksempel klapperegler fra barneskolen. Klappeleker var min ­yndlingsgeskjeft i storefri, hvis jeg ikke var opptatt med å leke Politi og tyv. Det gikk ut på å klappe hender i takt med en regle sammen med en utvalgt klassekamerat ­(fortrinnsvis en annen jente med musefletter eller en håpløst forelska gutt). Jeg kan fortsatt samtlige regler utenat. Den morsomste begynte med: «Bob bob, skirotten totten, a, a, a, a, bom, bom, bom», og endte, naturlig nok, sånn: «My name is Charlie Chaplin, Chaplin Charlie, I love you!» Det er altså dette Nilen må vike for. I tillegg til flere andre varianter som var mye kjipere, for eksempel: «En meter lang makaroni, makaroni en meter lang.

Skohorn

Noko lumskt er i emning. Skohornet mitt har knokke tvers av! Og skohorn er – trass alt – noko alle må eige. Det er – om mogleg – like viktig som dopapir og Zalo. No skal eg ikkje gå for mykje i detalj, men det må vere i solid metall og ha ein liten bøyg i enden og sjølvsagt ei fint forma skei nedst. «Har du skohorn?» spurde eg. Kvinna bak disken såg forskrekka på meg. «Skohorn», seier du? «Nei, det er utseld.» «Utseld», tenkte eg. Kven går tomme for skohorn? Dagen etter gjekk eg innom ein annan butikk, kjend for både jernvarer og andre ting. «Har du skohorn?» spurde eg.

Siste reis

Folk døyr ikkje ofte nok. Kyrkja på haugen var ekstra kvit denne dagen i desember. Snøen låg som eit kvitt laken over dei halvstelte gravsteinane. Rundt sto store og små og gret. Eit familiemedlem hadde gått bort, og dei næraste slektningane sto samla rundt det nærmast rykande ferdiggrove holet. Mykje rart surrar rundt i ­hovudet på ein slik dag. Ein tenkjer klart, men likevel er det litt som å vere rusa. Etter ei stund kunne eg skimte presten i det fjerne.