På politisk kvarter på NRK 9. februar 2026 er spørsmålet om majoriteten er truga av minoriteten, og at Ola Svenneby (H) i ei bok har peikt på at vi må vere bevisste i det norske samfunnet på at den norske majoriteten kjenner seg forlatt på bekostning av minoritetar. «Ein del av majoriteten kjenner seg framandgjort i eige land, noko vi også ser i andre europeiske land», seier Svenneby. Det er eg langt på veg einig med han i, og det er noko alle politiske parti må ta på alvor.