I 1892 formulerte den tyske økonomen Adolph Wagner ein prognose som skulle vise seg å bli ein av dei mest treffande innan økonomifaget under kapitteloverskrifta «Lova om det veksande omfanget til offentlege, respektive statlege aktivitetar»: Økonomisk utvikling fører til at verksemd innan offentleg sektor vil auke sin del av den samla aktiviteten i økonomien. Denne prognosen har skapt hovudbry for mange økonomar, og endå meir for politikarane.
I kvar valkamp lovar politikarar frå alle parti større «satsing» på helse, omsorg og undervising. Men straks den nye regjeringa er etablert, blir «satsinga» gløymd, og det gjeld å stramme inn på bruken av offentlege ressursar. Med referanse til «stramme budsjett» blir skular og kulturtiltak lagde ned, verksemd innan helsetenesta blir kutta, sjukehus blir lagde ned, bygging av nye pleieheimar blir utsett. Det blir klaga over offentleg overforbruk. Velferdsstaten blir hylla i valkampane, men sveltefôra i den politiske kvardagen.
I si bok om «Landet som ble for rikt» gjer Martin Bech Holte eit etter mitt skjønn totalt mislykka forsøk på å forklare den relative veksten i offentleg sektor med «Baumols sjukdom». Hans tolking av økonomen William J. Baumol er at denne «sjukdomen» er «et resultat av dårlige vaner … en livsstilsykdom». Dette er ei skammeleg forvrenging av Baumols teori, og gir grunn til å sjå nærare på kva Baumol faktisk skreiv.
Baumol deler økonomien i to sektorar. Den «dynamiske» sektoren er kjenneteikna ved «industriell» masseproduksjon med stadige arbeidssparande innovasjonar og dermed svært rask vekst i arbeidsproduktiviteten. Den «stagnerande» sektoren er kjenneteikna ved eit dominerande innslag av personleg tenesteyting der den som yter tenesta, står ansikt til ansikt med mottakaren. I den «stagnerande» sektoren finn vi blant anna barneomsorg, undervising, helsetenester, eldreomsorg, tannlegetenester, frisørtenester, orkester, teater og advokattenester. I den «stagnerande» sektoren er veksten i arbeidsproduktiviteten på lang sikt mykje lågare enn i den «dynamiske» industriprega sektoren. Grunnen til dette er openberr: Dersom arbeidstempoet til kirurgar, tannlegar, sjukepleiarar, lærarar, frisørar, musikarar eller advokatar blir betydeleg auka, vil kvaliteten på desse tenestene gå alvorleg ned.
«Velferdsstaten blir hylla i valkampane, men sveltefôra i den politiske kvardagen»
Samtidig aukar lønningane omtrent like raskt i heile økonomien. Kostnadene og dermed prisane i den «stagnerande» sektoren stig følgjeleg betydeleg meir enn den generelle prisveksten, medan det motsette er tilfelle for den «dynamiske» sektoren. Dette er essensen i det Baumol ironisk kallar «kostnadssykja ved personleg tenesteyting»».
Han slår fast at «kostnadssykja», er «ein uunngåeleg del av økonomisk framsteg» og ikkje ei sykje i det heile tatt: «Kostnadssykja er universell.» Eit eksempel frå Norge kan vere tannlegetenester, som stort sett er private. I perioden 1999–2023 auka prisen på tannlegetenester med i gjennomsnitt 5,2 prosent per år. I den same perioden var den gjennomsnittlege generelle prisveksten (KPI) 2,4 prosent per år. Det betyr ein realprisvekst for tannlegetenester på 2,8 prosent per år, eller 94 prosent over heile perioden. Tannlegetenester har tatt ein sterkt aukande del av gjennomsnittshushaldet sine utgifter.
Baumol kommenterer: «Nesten kvar einaste industrinasjon har prøvd å hindre at desse kostnadene stig meir enn den generelle prisveksten – og alle har mislykkast.» Han framhevar at den som brukar referanse til «kostnadssykja» som argument for privatisering av helsevesenet, ikkje har forstått kva dette dreier seg om: «Privatisering er ikkje nokon kur mot kostnadssykja.»
Også i personleg tenesteyting er det arbeidssparande innovasjonar, men veksten i arbeidsproduktiviteten er mykje lågare enn i den industriprega sektoren. Sannsynlegvis overraskande for mange var helseutgiftene i Norge som del av BNP nøyaktig dei same i 2022 som i 2002 (8,1 prosent). I den same perioden vart talet på behandlingar ved somatiske sjukehus nær dobla frå 1,10 millionar i 2002 til 2,07 millionar i 2022. Delvis kan dette vere eit resultat av meir effektive diagnose- og behandlingsmetodar. Men først og fremst tyder det på ein sterk auke i arbeidsinnsatsen på sjukehusa.
Det er ein auke som ikkje kan halde fram utan overbelastning av personalet og dårlegare kvalitet på behandlinga.


