Den norske arbeidslivsmodellen er noko av det som gjer meg mest stolt av å vere norsk. Han byggjer på sterke arbeidsrettar og stiller klare krav til arbeidsgivarar, slik at det er mogleg å utføre arbeidet sitt med hovudet heva og verdigheita i behald. Når ein ikkje lenger kan arbeide, stiller velferdsstaten opp.
No er denne modellen under angrep.
Frå nye former for sosial dumping.
Frå drit.
Nyleg skreiv VG om applikasjonen Youth on Demand, med ein ung gründer i førarsetet, applaudert av næringslivsprofilar og influensarar. Appen har som mål å setje barn og unge i arbeid ved å kople dei saman med folk i nærmiljøet som treng småjobbar utførte.
Dette blir presentert som ein nyvinnande og innovativ måte å få ungdom i arbeid på. I realiteten er appen ein digital mellommann som legg til rette for oppdragsbasert arbeid utført av mindreårige, utan dei rettane og det vernet som har vore grunnsteinen i norsk arbeidsliv.
For dette er ikkje ei ungdomsbedrift. Det er ikkje eit skuleprosjekt. Det er ei kommersiell verksemd med investorar og etablerte næringslivsprofilar i ryggen. Aktørar som forvent avkastning, og som som openbert ikkje har prinsipielle problem med å dritifisere barn og unge, eller å undergrave faglærde yrke, så lenge det løner seg.
«Det er ikkje ‘tidleg arbeidserfaring’. Det er misbruk og utnytting»
Ja, det er her driten kjem inn.
Dritifisering, uberifisering, kjært barn har mange namn. Fellesnemnaren er plattformar som byggjer seg opp på idear om fleksibilitet og «smarte løysingar», for så å flytte risikoen over på arbeidarane og svekkje rettane deira i jaget etter lågare prisar og høgare profitt. Me har sett dette før, til dømes i matleveringstenester som Wolt og Foodora, der mange arbeidarar står utan reell tryggleik, forhandslingsmakt eller ei løn som gjer det mogleg å leve eit normalt liv.
Desse plattformene rekrutterer ofte dei som allereie står svakt i arbeidsmarknaden. I dette tilfellet: barn. Det er ikkje «tidleg arbeidserfaring». Det er misbruk og utnytting, og det høyrer ikkje heime i norsk arbeidsliv.
Norge treng unge gründerar som tør å satse. Det me ikkje treng, er tenester som fikser problem me ikkje har for å tene lettvinte pengar. Me treng ikkje system som gjer det ulønsamt å tilsetje folk på ordentlege vilkår og gi dei rettane dei fortener.
Eg tvilar ikkje på at Youth on Demand opererer innanfor lova. Appen er tross alt utvikla i samarbeid med Nordens største advokatfirma, DLA Piper.
Spørsmålet er ikkje om dette er lovleg.
Spørsmålet er om dette er noko me skal godta.