Akkurat nåAkkurat no

Kaldt

Gradestokken kryp nedover, mens eg jakter ullsokkar, ullsoler og dunjakker. Å berre komma seg ut døra er på denne tida av året ein stor jobb, som startar med stillongsar og ullundertrøyer, før kjeledressar blir trekt over lite samarbeidsvillige små bein.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Kaldt II

Sjølv om kulda bit i fingrane på kontoret, der varmen ikkje kjem opp på eit anstendig nivå, klarer eg ikkje la vera å begeistra meg over den kalde fine tida. Hei, folkens! Endeleg kom vinteren til denne byen som aldri har fire dagar samanhengande med kulde, før mildvêret kjem og bløytlegg gatene. Kan ein bli lykkelegare enn ein kveld på ski, etter ein lang dag på eit iskaldt kontor, under stjernehimmelen når snøen ligg kvit på trea, og ein held seg varm på tærne inne i dei nye skiskoa, og dei nye hanskane held fingrane varme? På ein kvardag på nyåret, der hjula skal komma i gang att etter ferien, er dette bortimot det næraste ein kjem ein perfekt tysdag kveld. Då får det heller våga seg at ein skulle gjort jobben med å maka sokkar og rydda gongen og ta unna kjøkkenet. Den jobben ein skulle hatt ein husassistent til. Lykkelegare blir ein av å få på seg to ulike ullsokkar og komma seg ut på ski ein iskald vinterkveld. Kor lenge varar det? Denne kalde fine tida kjem snart til å ta slutt. Får me ei veke til? For sjølv om eg tenker at det skal vara til våren kjem, lar eg meg ikkje lura.

Dryss

Heilt sidan i sommar hadde eg gått og kikka på eit lite grantre som stod for seg sjølv i vegkanten. Det var kanskje 130 centimeter høgt, tett og fint, men litt skakt, og greinene var ikkje fullt utvaksne på den eine sida, der dei hadde møtt på autovernet. Nokre veker før jul bestemte eg meg for at det skulle bli juletreet vårt. Med sekken full av pågangsmot tok eg saga med meg ei helg då regnet ausa med og gjekk laus på treet. 6-åringen stod spent i vegkanten og såg at treet la seg. (La meg legga til at det dette var langt ute på bygda. Det var ein slektning som eigde treet, som eg hadde fått lov til å ta.

Dialog

HELTEN: Jeg skjønner det ikke. Det er jo jeg som er Den Gode, og like fullt virker det ofte som at folk liker deg bedre. SKURKEN: Selvsagt. Jeg har jo alle de kuleste replikkene. Mens du sier det som er moralsk riktig, kan jeg utdype hvordan verden faktisk fungerer. H: Hæ? S: Det er jo ganske opplagt. Hvor ofte hører man sånne som deg komme med filosofiske utlegninger? Siterer du Marx, Nietzsche eller Platon, kanskje? H: Du mener at folk ønsker å bli belært om filosofi? S: Å ja, og politisk teori. Folk tørster etter sannheten.