Heilt sidan i sommar hadde eg gått og kikka på eit lite grantre som stod for seg sjølv i vegkanten. Det var kanskje 130 centimeter høgt, tett og fint, men litt skakt, og greinene var ikkje fullt utvaksne på den eine sida, der dei hadde møtt på autovernet.