Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen med deg.

Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Feminist javisst

Offer eller tiltalt?

Politihøgskolen har eit ansvar når valdtektssaker er prega av dårleg etterforsking.

Illustrasjon: Knut Løvås Illustrasjon: Knut Løvås

Samtykkelova presiserer at berre aktivt uttrykt samtykke tillèt seksuell omgang. Utan dette kan seksuelle handlingar straffast som valdtekt. I debatten kring lova var det usemje om svekt rettssikkerheit. Ei anna side som har vore lite drøfta, er om det dårlege politiarbeidet som mange kvinner opplever i desse sakene no blir utfordra.

Dårleg og inkompetent politiarbeid kan opplevast som eit svik. Ei kvinne gav dette trivielle innblikket i ei stor livstragedie:

– Er du sikker på at det var valdtekt, spurde politibetjenten, og tok frå henne det ho måtte ha att av mot og verdigheit. Kva skulle ho svare? Han spurte fordi ho ikkje hadde anmeldt umiddelbart etter hendinga.

Forteljinga hennar røyser spørsmål om politiutdanninga. Sidan valdtekt skjer dagleg, må ein kunne forvente at avhøyrsmetodar, traumeforståing og statistiske data knytt til etterforsking av valdtekt er obligatorisk i opplæringa. Trass i gode intensjonar i emneplanane til Politihøgskolen vart altså denne unge betjenten uteksaminert utan kompetanse til å kunne etterforske den grovaste og vanlegaste av alle kvardagsforbrytingar i Noreg.

Kvinna det gjeld er eit ikkje utypisk valdtektsoffer – vaksen, gift, barn, yrkesaktiv – valdteken av ein kollega, venn, ung mann. Ho var hjelpsam og køyrde han heim etter ei festleg samkome. Han var full og hadde andre planar. Valdtektssituasjonen pasifiserte og uverdiggjorde henne, ute av stand til å ta vare på seg sjølv.

Ei erfaring fylt av skam, nederlag og tap av sjølvrespekt. Den fysiske smerta er påtrengjande i gjerningsaugneblinken, og dei mentale verknadane er paralyserande. I minutta under og etter valdtekta strevar hjernen med å kalibrere opplevinga – som ikkje passar inn i røyndomsoppfatninga. Deretter må alle livets erfaringar reforhandlast. Det er hardt arbeid, det tek tid – og samstundes vil spørsmålet om kvifor, stå usvart.

Fordi vi treng meining vi ikkje finn, vil det absurde spørsmålet alltid melde seg – var det mi skuld? Spørsmålet reflekterer det ultimate overgrepet: hennar internalisering av valdtektsmannens fortolking av henne som objekt for seksuell nyting.

Sjølvransakinga opnar for angrep på eigen identitet. Ho blir sjølvfortærande. Dårleg politiarbeid forsterkar denne nedbrytinga. Det er kriminelt. For det er dette ein erigert penis som borrar seg inn i kroppen handlar om – den utholar identiteten og ranar deg for sjølvtillit og tillit til verda. Ein tillit som godt politiarbeid kunne ha bidratt til å rehabilitere.

«Er du sikker på at det var valdtekt?»

Det motsette skjedde i denne saka. Ho miste søvn, matlyst og gløden i livet, omgitt av ein vettskremt familie.

Dårleg etterforsking er utdanninga sitt ansvar. Om opplæringa ved Politihøgskolen var av god kvalitet, hadde betjenten visst at spørsmål som dette er dårleg politiarbeid. Det er retraumatiserande. Eit velkjent problem uttrykt i opningsreplikken til kvinnas advokat:

– Er du sikker på at du vil anmelde dette? Det brukar å bli tøffe avhøyr.

Om denne valdtekta hadde skjedd etter 1. juli 2025 ville politiets fyrste og viktigaste spørsmål vere – samtykka du? Svaret ville ha vore nei. Spørsmålet om ho var sikker på at det var ei valdtekt hadde falle på sin eigen urimelege og steinharde grunn.

Samtykkelova er ein kritikk av handsaminga av valdtektsoffer. Det er bra. Men samstundes vart fordjupingsfag i valdtektshandsaming fjerna frå emneplanen ved Politihøgskolen i 2016, trass i at forsking viser at politiet leverte låg eller svært låg kvalitet i etterforskinga i nær 40 prosent av desse sakene.

Forsking viser også at offer som gjer motstand, har større tillit i systemet enn den som vert paralysert. Eit paradoks tatt i betraktning at valdtekt oftast skjer i kjente omgjevnadar. Kor mange kvinner gjekk i år ut av julebordsesongen med ikkje-kompatible erfaringar? Spørsmålet er så trivielt at sjølv ikkje statistikarane har tenkt på å talfeste dette.

Saka til omtalt vaksen kvinne vart sjølvsagt henlagt på bevisets stilling. Hennar angst er at dette blir oppfatta der ute som ei frikjenning av overgriparen. I gjennomlesinga av saka slo det henne at ho hadde vore i avhøyr i til saman åtte timar – utan pause. Gjerningsmannen vart avhøyrd i to timar med innlagte pausar.

Det er vanskeleg å skjøne dette på anna måte enn at det var offeret i saka som vart den tiltalte.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Feminist javisst

Abort­lo­vens selvbe­stem­melse er rammet inn av pater­na­lisme.

TV-serien «Ølhunden Berit» er både fasci­ne­rende og proble­ma­tisk.

Du treng ikkje å vere kvinne for å vere dame – berre sjå til Mexico.