2. okt.
Utfordring Ei sak som irriterer meg grøn å lesa, er folk som sprett opp av senga for å springa eit par mil før jobb, og så skryta av det i avisene. Det er gjerne advokatar, legar eller andre i tidsoppslukande funksjonar, med ein drøss av ungar, som avisene får tak i og avbilda i treningstøyet til desse reportasjane. Kanskje er tanken at sakene skal fungera som ein inspirasjon for oss alle som ikkje kjem oss opp av sofaen og inn i den gamle treningsbuksa før sola har stått opp, men slik har dei dessverre aldri fungert for meg.
Sakene har nok pirka i noko i meg, for eigen treningsinnsats står ikkje i stil til kva eg tenker kroppen fortener av jamleg stell. Stort sett består mitt kroppslege vedlikehald i å springa opp og ned alle dei mange trappene hos oss, fleire gongar om dagen, gjerne for å henta saker og ting. Og ein skal ikkje undervurdera trappetrimmen, det blir mange steg og høge kneløft kvar dag.
Men no er ambisjonane jekka opp. Og no skal eg hiva meg på og fortelja om mine eigne treningsmål, som er sirleg skrive opp på ein lapp.
Holly