Onsdag vert Nobels fredspris delt ut til Maria Corina Machado. Ho tar ikkje avstand frå dei utanomrettslege avrettingane USAs president Donald Trump står for mot båtar i venezuelansk farvatn. Ho ser fram til at Trump skal gå inn i landet hennar og fjerna noverande leiar med makt. Trump uttalar at president Nicolás Maduro må bort. Me kjenner Trump sine metodar. Det herskar liten tvil om at Machado støttar desse.