Mailiss Solheim-Åkerblom (Gruppeleiar Rødt Bergen og leiar for Rødts miljø- og næringspolitiske utval)
Eg vaks opp i miljørørsla, og det var ei sjølvfølge at Rødt blei partiet mitt. Evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar funkar ikkje, og Rødt har alltid vore det tydeligste partiet mot kapitalismen sin veksttvang. Når Anders F. Breidlid 2. desember skriv at Rødt er eit tradisjonelt vekstparti, fell det på si eiga urimelegheit.